Hopp til innhald

Epilog

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Diktaren med epilogen sin. Nederlandsk veggeteppe frå 1495–1510.

Epilog (frå gresk epilogos, 'etterord, ettertale') er eit stykke tekst heilt til slutten i ein tekst (t.d. dikt, prosa eller drama) som vanlegvis dannar ei avslutning. Epilog var opphavleg ei nemning for den delen av den antikke tragedien som blei framført etter at koret hadde sunge for siste gong. Motsetninga til epilogen er prologen, fortalen, innleiinga i teksten.