Hopp til innhald

Frankfurt an der Oder

Koordinatar: 52°21′0″N 14°33′0″E / 52.35000°N 14.55000°E / 52.35000; 14.55000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå òg Frankfurt am Main
Frankfurt an der Oder
Horisonten til Frankfurt an der Oder
Horisonten til Frankfurt an der Oder
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Frankfurt an der Oder
Frankfurt an der Oder is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Brandenburg
Ingen
Kreisfri by
Geografi
Flatevidd
 - By

147,61 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)

61 886
Koordinatar 52°21′0″N 14°33′0″E / 52.35000°N 14.55000°E / 52.35000; 14.55000
Høgd over havet 19-135 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 15201–15236
Telefon-retningsnummer 0335
Bilnummer FF
Heimeside: www.frankfurt-oder.de

Frankfurt an der Oder er ein by i Tyskland og i delstaten Brandenburg ved elva Oder på grensa mellom Tyskland og Polen, like ovanfor byen Słubice, som var ein del av Frankfurt fram til 1945. Mot slutten av 1980-åra hadde byen meir enn 87 000 innbyggjarar, men folketalet hadde falle til 70 000 i 2002 og var 60 000 i 2011. [1]

Det offisielle namnet Frankfurt (Oder) og det eldre og no uformelle Frankfurt an der Oder vert brukt for å skilje han frå den større byen Frankfurt am Main.

Byen fekk byrettar i 1253 ved den frie vadestaden (frank furt tyder 'fri vadestad på' tysk) kjend som Brandendamm, sjølv om busetnaden sannsynlegvis er mykje eldre. Dei første innbyggjarane haldt til på vestsida av Oder, etter kvart strekte byen seg over til austsida (i dag Słubice). Seint i mellomalderen dominerte Frankfurt handelen på elva mellom Wrocław (Breslau) og Szczecin (Stettin). I 1430 vart Frankfurt medlem av Hansaen, men berre for ei kort stund.

På 1800-talet var Frankfurt ein viktig handelsby. Han låg sentralt plassert i Preussen mellom Berlin og Poznań, ved den tung trafikkerte elva Oder, og byen hadde den nest største årlege handelsmessa i Det tyske riket. Berre messa i Leipzig var større.

Intense kampar oppstod i byen i 1945 då den tyske krigsmakta prøvde å stoppe Den raude armeen si framrykking mot Berlin. Etter verdskrigen vart det avgjort at grensa mellom Tyskland og Polen skulle gå langs Oder, dette delte byen i to. Austsida vart då den polske byen Słubice.

  1. Bevölkerungsprognose (Ergänzungsbericht) (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 28. juni 2007, henta 19. juni 2007 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Frankfurt an der Oder