Hopp til innhald

Franz Roubaud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Franz Roubaud

Fødenamn Франц Алексеевич Рубо
Statsborgarskap Det russiske imperiet, Det tyske keisardømet
Fødd 5. juni 1856
Odesa
Død

13. mars 1928 (71 år)
München

Yrke kunstmålar, universitetslærar, akvarellmaler
Språk russisk
Sjanger militærvesen avbildet i kunst
Franz Roubaud på Commons
'Væpna tsjerkessar til hest'

Franz Roubaud, også kjend som Frants Aleksejevitsj Rubo Francois Iwan Roubaud og Frants Roubaud, (17. juni 185611. mars 1911) var ein russisk kunstmålar. Han er mest kjend for sine panoramamåleri av slagscener, og bilete som syner folkelivet i Kaukasus.

Franz Roubaud var fødd i Odessa (i dagens Ukraina), og var son av ein kjøpmann som hadde emigrert til Odessa frå Marseille i Frankrike. Franz fekk undervising i teikning frå 6-årsalderen. Frå 1877 til 1878 studerte han i München hos Carl von Piloty, Otto Seitz, Wilhelm von Diez og soldatmålaren Joseph von Brandt. I 1880- og -90-åra reiste han fleire gonger til Kaukasus, og henta motiv derifrå.

Roubaud vart adla i 1889, og hadde ei høg stjerne hos tsarane Aleksandr III og Nikolaj II.

Etter studieopphald i Paris kom han til St. Petersburg, der han var professor ved kunstakademiet frå 1903 til 1912. I 1913 flytta Roubaud til München i Tyskland, han døydde der i 1928.

I St. Petersburg måla Roubaud to store panorama. Det eine, 'Beleiringa av Sevastopol' (1904), vart frakta frå St. Petersburg til Sevastopol og utstilt i eit eige museum der. Bygget og det 100 meter lange måleriet vart skadd i 1942, då byen atter var under beleiring. Restaureringa av verket vart sluttført i 1950-åra. Biletet Slaget ved Borodino (1912) vart i 1962 flytta til Poklonnajahøgda i Moskva, og er der ein del av ein krigsminnepark. Eit verk som vart fullført i 1896, Stormen mot Aschulgo, er under restaurering.

'Slaget ved Borodino', 1912

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]