Freden i Frederiksborg
Utsjånad
Freden i Frederiksborg viser til ein avtale signert ved Frederiksborg slott den 3. juli 1720[1] (14. juli 1720 (gregoriansk kalender)) som enda den store nordiske krigen mellom Sverige og Danmark-Noreg. Sverige betalte 600 000 Riksdalar for skadar, og braut alliansen med Holstein og sa opp rettane til å vere friteken frå Øresundtollen. I tillegg fekk Danmark full kontroll over Schleswig.
Avtalen gjorde òg at Sverige fekk attende dei danskokkuperte områda i Svensk Pommern.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Treaty of Frederiksborg» frå Wikipedia på engelsk, den 15. november 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Heitz, Gerhard; Rischer, Henning (1995). Geschichte in Daten. Mecklenburg-Vorpommern (på tysk). Münster-Berlin: Koehler&Amelang. ISBN 3733801954.