Frederik Mosling
Frederik Mosling | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 19. desember 1792 |
Død |
22. desember 1839 (47 år) |
Frederik Christian Hegdorn Matheson Mosling (19. desember 1792–22. desember 1839) var ein norsk offiser og stortingsmann frå Børsa. Abraham Mosling var bror hans.
Mosling var son til ein proprietær. Sjølv gjekk han inn i hæren og var offiser i trondhjemske infanteriregiment frå 1812. I 1823 vart han forfremja til premierløytnant og i 1839 til kaptein og sjef i den trondhjemske brigade.
Mosling vart vald til stortingsrepresentant frå Søndre Trondhjems amt på tre valting og møtte på stortinga 1830, 1833 og 1839. Han var i 1830 sekretær i «trykningskomiteen» og medlem i Matrikkellovkomiteen, sekretær i sistnemnde i 1833. Både i 1833 og 1839 var han medlem i Militærkomiteen. I 1838 var han den fyrste ordføraren i Børsa.
Han levde ugift og døydde i 1839, 47 år gammal.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914