Gudmund Harlem
Gudmund Harlem | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 24. juli 1917 Christiania |
Død | |
Yrke | politikar, lege |
Politisk parti | Arbeidarpartiet |
Gudmund Harlem (24. juli 1917–22. mars 1988), fødd i Kristiania, var ein norsk lege, professor og politikar frå Arbeidarpartiet.
Statsråd
[endre | endre wikiteksten]Gudmund Harlem var statsråd og sjef for to departement:
- 1. august 1955 - 18. februar 1961: Sjef for Sosialdepartementet (sosialminister) i Einar Gerhardsen si andre regjering.
- 18. februar 1961 - 28. august 1963: Sjef for Forsvarsdepartementet (forsvarsminister) i same regjering.
- 25. september 1963 - 12. oktober 1965: Sjef for Forsvarsdepartementet (forsvarsminister) i Einar Gerhardsen si fjerde regjering.
Utdanning og karriere
[endre | endre wikiteksten]Gudmund Harlem vart student i 1935. Studia til lege vart avbrote av krigen, og han vart cand.med. i 1946. I 1976 vart han dr.med.
Han arbeidde som lege ved Statens attføringsinstitutt i Oslo 1946-1953, og var assistentlege ved Hygienisk institutt 1946-1948. Han var deretter overlege ved Statens attføringsinstitutt i Oslo 1953-1970. Frå 1955 var han teknisk ekspert for FN si attføring til Egypt og Italia. Han var assistentlege ved Rikshospitalet 1965-1966. Han var overlege og fagleg leiar ved Statens attføringsinstitutt 1966-1970, og direktør same stad 1970-1977. Frå 1971 var han teknisk ekspert for WHO til Malta.
Han var professor i arbeidslivsvitskap ved Universitetet i Trondheim/NTH 1977-1980. Deretter var han administrerande direktør for Norges Teknisk-Naturvitenskapelige Forskningsråd 1980-1986. Dei to siste åra før han døydde arbeidde han som allmennpraktiserande lege i Oslo, 1986-1988
Verv
[endre | endre wikiteksten]Gudmund Harlem hadde svært mange framståande tillitsverv utanom verva som statsråd. Nokre av dei viktigaste:
- Kommunalpolitiske verv:
- Medlem Oslo bystyre 1945-1947
- Medlem Skolestyret, Oslo 1948-1955
- Offentlege verv:
- Formann Komiteen for spesialbehandling av barn 1948-1955
- Medlem styret for Norges allmennvitenskapelige forskningsråd 1949-1957
- Formann Vanføreomsorgkomiteen 1952-1955
- Formann Sentralrådet for yrkesvalghemmede 1955-1957, 1966-1970
- Varaformann styret for Rikshospitalet 1970-1981
- Formann Norges Teknisk-Naturvitenskapelige Forskningsråds forurensingskomite 1970-1976
- Medlem Statens idrettsråd 1974-1985
- Formann styret for Norges Idrettshøgskole 1976-1988
- Formann styret for Arbeidstilsynet 1977-1988
- Formann Norges Teknisk-Naturvitenskapelige Forskningsråds arbeidsmiljøkomite 1977-1980
- Formann Forsikringsrådet 1978-1986
- Leder utval for lovgjevinga om forsikringsverksemd 1978-1985
- Medlem Rådgjevande utval for industri- og energisamarbeid 1979-1985
- Medlem Forsvarsrådet frå 1980
- Nestleder Styret for Kredittilsynet 1985-1988
- Tillitsverv i parti:
- Medlem AUF sitt sentralstyre 1946-1949
- Varamedlem Det norske Arbeiderparti sitt sentralstyre 1949-1957
- Varaformann Oslo Arbeidarparti 1952-1957
- Tillitsverv i organisasjonar:
- Formann Det Norske Studentersamfund frå 1945
- Medlem Styret i International Union of Socialist Youth 1946-1951
- President International Society for Rehabilitation of the Disabled 1966-1972
Anna
[endre | endre wikiteksten]Gudmund Harlem var far til statsminister Gro Harlem Brundtland og justisminister Hanne Harlem.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Einskildmenn
- Fødde i 1917
- Døde i 1988
- Norske forsvarsministrar
- Norske sosialministrar
- Ap-statsrådar
- Statsrådar i Regjeringa Gerhardsen III
- Statsrådar i Regjeringa Gerhardsen IV
- Norske medisinprofessorar
- Professorar ved NTH
- Norske embets- og tenestefolk
- Medlemmar av Mot Dag
- Formenn av Det Norske Studentersamfund
- Politikarar frå Oslo