Guldbagge
Utsjånad
Guldbagge ('Gullbille') er ein svensk filmpris som har vore delt ut av Svenska Filminstitutet sidan 1964.
Den første utdelinga vart halden på Grand Hotel Stockholm den 25. september 1964. Det vart delt ut tre prisar, for beste regi til Ingmar Bergman, beste kvinnelege skodespelar til Ingrid Thulin og beste mannlege skodespelar til Keve Hjelm.
Prisen er ei emaljert og forgylt koparbille som veg om lag 1,2 kg, og som er formgitt av kunstnaren Karl Axel Pehrson.
Kategoriar
[endre | endre wikiteksten]Prisen blir delt ut til dei beste filmrelaterte prestasjonane i følgjande kategoriar:
- Beste film
- Beste regi
- Beste manus
- Beste foto
- Beste kvinnelege hovudrolle
- Beste mannlege hovudrolle
- Beste kvinnelege birolle
- Beste mannlege birolle
- Beste utanlandske film
- Beste kortfilm
- Beste dokumentar
Heiderspris
[endre | endre wikiteksten]- Heidersguldbagge
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Guldbaggen
- Svenska filminstitutet Denne filmartikkelen som har med Sverige å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.