Hopp til innhald

Håkon Unge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Håkon Håkonsson Unge)
Håkon Unge

Fødd11. november 1232
FødestadBergen
Død5. mai 1257
DødsstadTønsberg
GravstadHallvardskatedralen
Gift medRikitsa Birgersdatter
DynastiSverreætta
FarHåkon IV av Noreg
MorMargrete Skulesdatter
BornSverre Magnus Haakonsson

Håkon Unge eller Håkon Håkonsson Unge, fødd i Bergen 10. november 1232, død i Tønsberg 30. april (eller 5. mai) 1257, var formelt norsk samkonge i åra 1240-1257. Håkon Unge var son av kong Håkon IV Håkonsson (1204-1263) og dronning Margrete Skulesdotter (død 1270). Håkon Håkonsson den eldre vart òg kalla «Håkon Gamle», for å skilja han frå Håkon Unge.

Den norske tronarvingen Håkon Unge fekk kongstittel i 1240 då hertug Skule gjorde opprør for å krevja det norske kongedømet for seg selv. Opprøret mislukkast. Håkon Unge vart gift med Rikitsa Birgersdotter av Bjälboætta i Oslo i 1251. Rikitsa var dotter av den mektige svenske jarlen Birger Magnusson. Birger jarl var grunnleggjar av Stockholm, far til to søner som båe vart kongar av Sverige og styrte sjølv som Sverige sin reelle herskar som formyndarregent frå 1248 og til han døydde i 1266.

Ekteskapet var ein dynastisk allianse mellom det norske og det svenske kongedømet. Giftarmålet kan sjåast som eit forlenging av fredsavtala frå 1249 som sa at «det skulle vera fred mellom Noreg og Sverige, uvener av den eine eller den andre skulle ikkje trivast eller tolast i den andre sitt rike.»

Deira einaste barn var Sverre Håkonsson (1252-1261). Han døydde berre 9 år gamal.

Håkon Håkonsson Unge gravlagd i St Hallvards kyrkje i Oslo,