Hans Øvergaard
Hans Øvergaard | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 5. november 1795 |
Død | |
Yrke | politikar |
Språk | norsk |
Hans Øvergaard på Commons |
Hans Øvergaard (5. november 1795–17. mai 1840) var ein norsk offiser, stortingsrepresentant og Elverums første ordførar.
Øvergaard var fødd på Gårder i Elverum, far hans var gardbrukar. Sjølv vart han i 1812 offiser. Frå 1814 var han i 1. bergenhusiske regiment, der han i 1816 vart premierløytnant. Som eit resultat av omorganiseringa av hæren i 1818 vart han overført til 1. akershusiske brigade. År 1823 vart han adjutant ved østerdalske jegerkorps, i realiteten ein slags veginspektør for Østerdalen. Han vart i 1837 forfremja til kaptein.
Øvergaard representerte Hedmark på Stortinget frå 1833 til 1839. I 1833 var han medlem av komiteen gasjar, pensjonar, budsjett- og skattevesen, 1836 og 1836-37 var han sekretær i militærkomiteen, medan han i 1839 var sekretær i veglovskomiteen og medlem av protokollkomiteen. Øvergaard vart i 1837 vald til Elverums første ordførar.
Øvergaard døydde kring middagstid den 17. mai 1840 under saluttering frå Kristianfjell skanse. Han bemanna salutteringskanonen då ho eksploderte og drap han.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Hans Øvergaard NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv