Hans Olav Sørensen
Hans Olav Sørensen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 16. november 1942 (81 år) Selbu kommune |
Idrett | skihopping |
Tok del i | Vinter-OL 1964 |
Hans Olav Sørensen (fødd 16. november 1942) i Selbu) er ein norsk tidlegare skihoppar som var medlem av IL Mebonden.
Han slo gjennom i 1964-sesongen. I den tysk-austerrikske hoppveka 1963/64 kom han på 5. plass i Oberstdorf, og vart nummer 10 samanlagt. I Vinter-OL 1964 vart han nummer 8 i normalbakken. Seinare i sesongen vann han bronsemedaljen under noregsmeisterskapen på Voss, siste året det vart tevla i ein bakke i NM.
I NM 1966 tok han sølvmedalje i storbakken og bronsemedalje i normalbakken i 1966, begge på Rena. Bjørn Wirkola var klar vinnar i begge renna, Sørensen kom 0,1 poeng bak Toralf Engan i normalbakken. Tidlegare i sesongen kom han på sjuandeplass samanlagt i den tysk-austerrikske hoppveka. Han fekk plass i den norske troppen til ski-VM i Oslo, der han vart nummer 26 i storbakken.
Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn
[endre | endre wikiteksten]- 1964: Nr 8 i OL Innsbruck. Nr 5 i Bischofshofen, nr 6 i Kiruna
- 1966: Nr 7 i Bischofshofen
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap
[endre | endre wikiteksten]- Ski-NM 1961: Nr 9 i Trondheim
- Ski-NM 1963: Nr 8 i Rælingen
- Ski-NM 1964: Bronsemedalje på Voss
- Ski-NM 1965: Nr 4 i storbakken i Bærum
- Ski-NM 1966: Sølvmedalje i stor bakke og bronsemedalje i normal bakke, begge på Rena
- Ski-NM 1967: Nr 6 i storbakken på Voss
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Sportsboken, aktuelle årgangar