Haus
Haus | |||
tettstad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Osterøy | ||
Areal | 0,35 km² | ||
Folketal | 581 (2023) | ||
Folketettleik | 1 660 / km² | ||
Postnummer | 5286 HAUS | ||
Innbyggjarnamn | hausing | ||
Haus 60°26′52″N 5°29′59″E / 60.44777778°N 5.49972222°E |
Haus eller Hausvik er ein tettstad i Osterøy kommune i Vestland. Tettstaden har 581 innbyggjarar per 1. januar 2023. Staden ligg på sørvestsida av Osterøya. Om lag 1,5 km sør for Hausvik, på Kvistineset, går Osterøybrua over til Bergenshalvøya. Før var dette kommunesenteret i Haus kommune. Haus var også ferjestad for ferja mellom Haus og Garnes.
Haus var tidlegare ein eigen kommune. Ved kommuneendringane i 1964 vart det av fastlandsdelen skipa ein ny kommune som fekk namnet Arna. I dag er dette området ein del av Bergen kommune, medan delen av den gamle kommunen som låg på Osterøya, er del av Osterøy kommune.
Haus kommune 1837-1964
[endre | endre wikiteksten]Haus formannskapsdistrikt vart oppretta i 1837. 1. januar 1870 vart området delt i Haus og Bruvik kommunar. Ved delinga hadde Haus 4229 innbyggarar. 1. januar 1964 vart den delen av Haus som låg på Osterøy overført til den nyoppretta Osterøy kommune. Samstundes vart fastlandsdelen av Haus kommune eigen kommune med namnet Arna kommune.
Folketalsutvikling
[endre | endre wikiteksten]Folketalsutvikling for tidlegare Haus kommune frå 1870 til 1964:
1.1.1870 | 1.12.1920[1] | 1.12.1930[2] | 3.12.1946[2] | 1.1.1951[3] | 1.1.1961[3] | 1.1.1964[3] |
---|---|---|---|---|---|---|
4229 | 5396 | 5619 | 7812 | 8902 | 10 400 | 11 185 |
Kyrkjesokn
[endre | endre wikiteksten]Haus er også namnet på eit kyrkjesokn i Bjørgvin bispedøme. Haus sokn omfattar den sørvestre delen av Osterøya.
Kjende personar frå Haus
[endre | endre wikiteksten]- Henrik Gjellesvik, felespelar.
- Lars Leiro, politikar.
- Statsråd Ole Monsen Mjelde
- Skeiselaupar Mons Mjelde
- Statsråd Kornelius Olai Person Bergsvik
- Stortingsmann Torstein Selvik
- Fotballspelar og trenar Mons Ivar Mjelde
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
- ↑ 2,0 2,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
- ↑ 3,0 3,1 3,2 Folkemengd i Haus 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
- Haus henta frå Bokmålswikipedia 29. mai 2005.
- Nettstaden til Den norske kyrkja
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- kyrkja.no Arkivert 2005-02-10 ved Wayback Machine. - Haus kyrkje