Hell
Utsjånad
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Flaks.
Hell | |||
tettstad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Trøndelag | ||
Kommune | Stjørdal | ||
Areal | 1,26 km² | ||
Folketal | 1 921 (2023) | ||
Folketettleik | 1 525 / km² | ||
Postnummer | 7517 HELL | ||
Hell 63°26′40″N 10°55′21″E / 63.444444444444°N 10.9225°E | |||
Wikimedia Commons: Hell, Norway |
Hell er ein tettstad i bygda Lånke i Stjørdal kommune i Trøndelag fylke, med 1 921 innbyggjarar per 1. januar 2023. Her er ein gamal jarnbanestasjon på Meråkerbanen og Nordlandsbanen.
Namnet «Hell» på denne staden har opphav i det same namnet på ein gard i området, og kjem frå det gamalnorske ordet hellir, som tyder overheng, heller. Garden ligg i nærleiken av ein overhangande fjellknaus der det òg er helleristingar frå steinalderen.[1]
For eit par hundre år sidan vart staden kalla Helle[2].
Hell ligg sørom Værnes lufthamn og Stjørdalselva. Fram til 1. januar 1962 var Hell administrasjonssentrum i Lånke kommune, som på denne datoen vart innlemma i det som då vart den nye Stjørdal kommune.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Sandnes, Jørn & Ola Stemshaug, 2007, Norsk stadnamnleksikon, Oslo: Det Norske Samlaget. Side 207. ISBN 978-82-521-4905-0
- ↑ Fölsch, E.G., Resa i Norrige år 1817, Strängnäs, 1818.