Henning Mørland
Utsjånad
Henning Mørland | |||
| |||
Fødd | 27. mars 1903 | ||
---|---|---|---|
Død | 22. august 1989 | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | professor, omsetjar | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo | ||
Alma mater | Universitetet i Oslo | ||
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi |
Henning Mørland (27. mars 1903–22. august 1989) var ein norsk klassisk filolog, fødd og oppvaksen i Oslo. Han var professor i klassisk filologi ved Universitetet i Oslo i åra 1949–73, og omsette mange antikke verk frå latin til norsk i løpet av levetida si.