Hopp til innhald

Henrik Laurentius Helliesen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Henrik Laurentius Helliesen

Fødd20. desember 1824
Bodø
Død22. juli 1900 (75 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, advokat
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
FarHenrik Helliesen
EktefelleThomine Charlotte Petersen
Alle verv
  • stortingsrepresentant (1862–1864)
  • stortingsrepresentant (1886–1888)
  • Norsk finansminister (1863–1865)
  • Norsk finansminister (1866–1869)
  • Norsk finansminister (1870–1872)
  • Norsk finansminister (1873–1874)
  • Norsk finansminister (1874–1875)
  • Norsk finansminister (1875–1875)
  • Norsk finansminister (1875–1875)
  • Norsk finansminister (1876–1879)
  • Norsk finansminister (1880–1883)
  • Norsk kyrkje- og undervisningsminister (1884–1884)
  • Norges indreminister (1871–1871)
  • medlem av statsrådsavdelingen i Stockholm (1865–1866)
  • medlem av statsrådsavdelingen i Stockholm (1869–1870)
  • medlem av statsrådsavdelingen i Stockholm (1872–1873)
  • medlem av statsrådsavdelingen i Stockholm (1875–1876)
  • medlem av statsrådsavdelingen i Stockholm (1879–1880)
  • medlem av statsrådsavdelingen i Stockholm (1883–1884)
  • fylkesmann i Aust-Agder (1860–1863) Sjå dette på Wikidata

Henrik Laurentius Helliesen (20. desember 182422. juli 1900) var ein embetsmann, stortingsrepresentant og statsråd. Han var son av Henrik Helliesen.

Helliesen var fødd i Bodø, og vart student frå Fredrikshalds skole i 1842. I 1847 vart han cand. jur., og to år etter tilsett i finansdepartementet. Han vart der byråsjef i 1853, og eksepedisjonssjef året etter. 1860-63 var han amtmann i Nedenes amt.

1862-63 representerte Helliesen Arendal og GrimstadStortinget, han var medlem av tollkomiteen. I tida frå 22. juni 1863 til 1884, med enkelte korte avbrot, veksla han mellom å vere finansminister og å vere medlem av den norske statsrådsavdelinga i Stockholm. Han leia arbeidet med myntreforma, overgangen til kroner og øre som mynteining, i 1875. 1871 var han nokre månader leiar av indredepartementet, og i 1884 var han kyrkje- og undervisningsminister i drygt tre veker. Han var ein av statsrådane som, 22. mars 1884, vart felt av riksretten i saka mot Selmer-ministeriet.

Helliesen vart vald inn på Stortinget for perioden 1886-88, då tilslutta det nye partiet Høgre. Valet vart forkasta med 76 røyster mot 34.

1884 vart Helliesen tollkasserar i Arendal, frå 1885 var han tollskrivar i Christiania.

Helliesen vart 1876 tildelt storkorset av St. Olavs Orden.