Hopp til innhald

Herman von Tangen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Herman von Tangen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. oktober 1805
Bergen
Død

30. juli 1876 (70 år)

Yrke politikar, kjøpmann

Herman von Tangen (21. oktober 180530. juli 1876) var ein norsk kjøpmann frå Bergen, stortingsmann 1851 og 1854.

Tangen var son til ein kjøpmann i Bergen, ein yrkesveg han sjølv tok. Han var 1. vararepresentant til stortinga 1848 og 1851, og møtte i 1851 frå 3. juli i staden for Carl Konow, medlem i Budsjettkomiteen. År 1854 var han den fyrste av fire stortingsrepresentantar frå Bergen by på Stortinget, medlem i Næringskomite nr 1.