Hopp til innhald

Hi-Heel Sneakers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hi-Heel Sneakers
Singel av Tommy Tucker
B-side

«I Dont Want 'Cha - Watcha Gonna Do»

Utgjeve 1964
Innspelt Chicago, 1963
Sjanger Blues
Lengd 2:45
Selskap Checker (Cat. no.1067
Låtskrivar(ar) Robert Higginbotham - misspelled 'Higgenbotham' on label a.k.a. Tommy Tucker
Tommy Tucker-kronologi 
Hi-Heel Sneakers «Long Tall Shorty»

(1964)


«Hi-Heel Sneakers» (ofte skrive «High Heel Sneakers») er ein bluessong skriven og spelt inn av Tommy Tucker i 1963. Songen er ein ganske kjapp 12-taktsblues.[1] Den originale innspelinga til Tommy Tucker gjekk til topps på Cash Box R&B Locations-lista og nådde 11. plassen på Billboard Hot 100.[2] Musikarane på innspelinga var mellom andre Brenda Jones på bass, Johnny Williams på trommer, Weldon Young på gitar og Tucker - òg kjend som Robert Higginbotham på piano og orgel.

Mange artistar har spelt «Hi-Heel Sneakers». Blant desse finn ein Bill Haley & His Comets, The Beatles, The Rolling Stones, Ronnie Milsap, The Faces, Sting, Led Zeppelin, Carl Perkins - på Johnny Cash sitt 35-årsjubileumsalbu, Rahsaan Roland Kirk, Elvis Presley, Jerry Lee Lewis, The Everly Brothers, Chuck Berry, Stevie Wonder, Paul McCartney, The Searchers, The McCoys, Sammy Davis jr., Big Brother and the Holding Company,[3] Jose Feliciano, Buddy Guy & Junior Wells, Tom Jones, John Lee Hooker, The American Breed, Cleo Laine, Pharoah Sanders, Jerry Garcia og The Grateful Dead, Phish, Ramsey Lewis, Laura Nyro og George Thorogood.

Oasis-songen «Get Off Your High Horse Lady» frå albumet Dig Out Your Soul, brukte vokalmelodien og oppsettet til denne songen.

  1. Aldin, Mary Katherine (1989). Soul Shots Volume 4:Urban Blues - liner notes. Rhino Records. s. 2. R2 75758. 
  2. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942–2004. Record Research. s. 592. 
  3. «Ball & Chain: Big Brother & The Holding Company Feat. Janis Joplin: MP3 Downloads». Amazon.com. Henta 9. juli 2017.