Instrument
Utsjånad
Eit instrument (frå latin instrumentum) er eit konkret eller abstrakt verktøy ein brukar for å utføra ikkje-mekaniske oppgåver.
Ordet instrument kan verta brukt om mange ting på norsk:
- Musikkinstrument er reiskapar som vert brukte til å laga musikk på.
- Måleinstrument vert brukte til å måla verdiar med. Døme er termometer, voltmeter og speedometer
- Instrumentering i industrien går ut på automatisering av prosess-, regulerings- og kontrollsystem
- Torturinstrument er verktøy som vert brukte til å påføra andre smerte ved tortur
- Kirurgiske instrument er verktøy som ein brukar i kirurgien
- Abstrakte tydingar som t.d. lovgjeving er eit godt instrument for å få bukt med kriminalitet