Irene Dunne
Irene Dunne | |||
| |||
Fødd | 20. desember 1898 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Louisville | ||
Død | 4. september 1990 (91 år) | ||
Dødsstad | Los Angeles | ||
Alias | First Lady of Hollywood, Irene Dunne Griffin, Dunnie | ||
Aktive år | 1922–1962 | ||
Verka som | filmskodespelar, teaterskodespelar, fjernsynsskodespelar, songar, delegat, skodespelar | ||
Prisar | Kennedy Center Honors, Papal Lateran Cross, Laetare Medal, Los Angeles Times Women of the Year Silver Cup, Ridderordenen av den hellige grav i Jerusalem, stjerne på Hollywood Walk of Fame |
Irane Marie Dunne (20. desember 1898–4. september 1990) var ein amerikansk teater- og filmskodespelar og songar.
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Dunne var fødd i Louisville i Kentucky. Faren, Joseph Dunn, var statleg dampbåtinspektør,[1] og mora, Adelaide Henry, var ein musikkpedagog frå Newport i Kentucky.[2] I 1909, då Dunne var elleve år gammal, døydde far hennar.
Skodespelar
[endre | endre wikiteksten]Dunne vann eit stipend til Chicago Musical College. Ho turnerte til å byrja med saman med eit selskap og spelte musikalske komediar. Broadwaydebuten hennar kom i 1923 og ho hadde hovudrolla i mange musikalar. Seinare gjekk ho til filmen.
Dunne blei nominert fem gonger til Oscar for beste kvinnelege hovudrolle, for rolletolkingar i filmane Cimarron (1931), Theodora slår sig løs (1936), Hvor har du vært i natt? (1937), Stevnemøte (1939) og Vi kan stole på mamma (1948). Ho blei teken med på International Best Dressed List Hall of Fame i 1958.
I 1957 utnemnde president Dwight D. Eisenhower Dunne til ein av fem alternative amerikanske delegatar til SN som heider for dei mange velgjerande gjerningane hennar og interessa ho hadde for diverse konservative katolske og republikanske føremål. I 1965 blei ho vald inn som styremedlem i Technicolor, som den første kvinna nokonsinne vald inn i dette styret.
Dunne fekk dottera Mary Frances (fødd Anna Maria Bush) saman med ektemannen Francis Dennis Griffin. Dei adopterte henne i 1938 frå eit sjukehus for hittebarn i New York.
Dunne døydde fredeleg heime i Holmby Hills i Los Angeles i 1990.
Ho vart gravlagd på Calvary Cemetery i East Los Angeles i California. Dei personlege papira hennar blir tekne vare på ved University of Southern California. Dunne blei tildelt ei stjerne ved Hollywood Walk of Fame ved 6440 Hollywood Boulevard.
Filmar
[endre | endre wikiteksten](utval)
- 1931 – Cimarron
- 1935 – Roberta
- 1936 – Show Boat
- 1936 – Theodora slår sig løs
- 1937 – Hvor har du vært i natt?
- 1938 – Fryd dig ved livet!
- 1939 – Stevnemøte
- 1939 – Da morgenen kom
- 1940 – Min favoritthustru
- 1941 – Flirt og alvor
- 1941 – Bare to
- 1942 – Lady in a Jam
- 1943 – Helter dør aldri
- 1944 – Dovers hvite klipper
- 1944 – Hun ga seg til slutt
- 1946 – Eventyr i Siam
- 1947 – Far og vi andre
- 1948 – Vi kan stole på mamma
- 1950 – Verdensdame vandrer vest
- 1950 – Han ville se dronningen
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Irene Dunne» frå Wikipedia på bokmål, den 9. januar 2022.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Wold, Ragnar; Bech, Leif-Erik (1957). Filmens stjerner. Schibsted.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Bibliografi
- ↑ Gehring 2003, s. 7.
- ↑ Ward 2006.
- Gehring, Wes D. (2003). Slide, Anthony, red. Irene Dunne: First Lady of Hollywood. Lanham, Maryland: Scarecrow Press. ISBN 978-0810858640.
- Fristoe, Roger (15. desember 1985). «Louisville's Own: Irene Dunne». Courier Journal – via Newspapers.com.
- Irene Dunne (February 17, 1945). «Hats, Hunches and Happiness». Picturegoer (England). Arkivert frå originalen 4. februar 2011.
- Dunne, Irene (1985). Screening of the Past: A Rare Interview with Irene Dunne. Interview with John McDonough. Arkivert frå originalen 17. mars 2019.
- Dunne, Irene (1978). Interview with James Harvey, September 1978. Interview with James Harvey. Arkivert frå originalen 14. august 2013.
- «The Irene Dunne Site: The Pre-Hollywood Years – 1898–1929». Arkivert frå originalen 5. desember 2013.
- Schultz, Margie (1991). Irene Dunne: A Bio-Bibliography. Bio-Bibliographies in the Performing Arts. Greenwood Press. ISBN 978-0-313-27399-5.
- Birmingham, Stephen (1964). «What Have They Done to... Irene Dunne». McCall's (August 1964). s. 100. Arkivert frå originalen June 29, 2013. Henta December 9, 2020.
- Bell, Joseph N. (12. januar 1958). «Irene Dunne: Saleslady for the U.N.». Family Weekly. s. 4–5 – via Newspapers.com.
- William Frye (2004). «Everyone Loved Irene». Vanity Fair. Arkivert frå originalen 16. august 2016.
- Dr. Annette Bochenek (3. september 2015). «Irene Dunne | Hometowns to Hollywood». Hometowns to Hollywood. Arkivert frå originalen 3. juni 2020.
- Ward, Don (March 2006). «Irene Dunne's career was a true success story». Roundabout Entertainment Guide (Kentuckianana Publishing Inc.). Arkivert frå originalen 2. juni 2020.