It's Hard
It's Hard Studioalbum av The Who | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 4. september 1982 | |
Innspelt | Juni 1982 | |
Studio | Turn Up-Down Studio heime hos Glyn Johns i Surrey i England | |
Sjanger | ||
Lengd | 49:06 | |
Selskap | ||
Produsent | Glyn Johns | |
The Who-kronologi | ||
---|---|---|
Hooligans (1981) |
It's Hard | Who's Greatest Hits (1983)
|
Singlar frå It's Hard | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Robert Christgau | C[2] |
MusicHound | 1/5[3] |
Rolling Stone | [4] |
The Rolling Stone Album Guide | [5] |
It's Hard er det tiande studioalbumet til det engelske rockebandet The Who. Det er det siste Who-albumet med bassisten John Entwistle og trommeslagar Kenney Jones, samt det siste Who-albumet på Warner Bros. Records i USA. Det kom ut i 1982 på Polydor i Storbritannia og nådde 11. plass her. I USA nådde det åttande plass.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Det finst to ulike syn på It's Hard. Enkelte meiner at albumet var inspirert av det harde politiske klimaet tidleg i 1980-åra, medan andre berre ser på albumet som eitt The Who måtte gje ut for å oppfylle kontrakten sin med det amerikanske plateselskapet. Albumet fekk òg delt mottaking i musikkpressa, enkelte gav det dårleg kritikk, medan det fekk fem av fem stjerner i musikkmagasinet Rolling Stone.
Den første songen «Athena» er ein av dei få songane som vart godt motteken på albumet. Denne songen vart gjeven ut som singel og nådde 28. plass på den amerikanske singellista. I seinare år har songen «Eminence Front» vorte trekt fram som ein av dei mest kritikarroste i songkatalogen til bandet.
Albumomslaget vart utforma av Graham Hughes, og syner ein ung gut som speler eit arkadespel, ein referanse til rockeoperaen Tommy, der hovudkarakteren spelar flipparspel. Townshend kritiserte albumet kort tid etter det kom ut.
I 1997 gav MCA ut ei nymastra utgåve av albumet med nye miksar av «Athena» og «Eminence Front».
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songar er skrivne av Pete Townshend, bortsett frå der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Athena» | 3:46 |
2. | «It's Your Turn» (John Entwistle) | 3:39 |
3. | «Cooks County» | 3:51 |
4. | «It's Hard» | 3:47 |
5. | «Dangerous» (John Entwistle) | 3:36 |
6. | «Eminence Front» | 5:39 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
7. | «I've Known No War» | 5:56 |
8. | «One Life's Enough» | 2:22 |
9. | «One at a Time» (John Entwistle) | 3:20 |
10. | «Why Did I Fall for That» | 3:56 |
11. | «A Man Is a Man» | 3:56 |
12. | «Cry If You Want» | 5:18 |
Bonusspor på 1997-utgåva av albumet var fire konsertopptak frå Toronto den 17. desember 1982.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
13. | «It's Hard» | 4:56 |
14. | «Eminence Front» | 5:37 |
15. | «Dangerous» | 3:48 |
16. | «Cry If You Want» | 7:12 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]The Who
[endre | endre wikiteksten]- Roger Daltrey – solovokal, rytmegitar, korvokal på «Eminence Front» og «One at a Time»
- Pete Townshend – sologitar, korvokal, solovokal på «Eminence Front», felles solovokal på «Athena» og «Cooks County»
- John Entwistle – bass, korvokal, solovokal på «One at a Time»
- Kenney Jones – trommer
Andre medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Andy Fairweather Low – rytmegitar på «It's Your Turn»
- Tim Gorman – klaverinstrument[6]
Produksjon
[endre | endre wikiteksten]- Jon Astley – leiande produsent
- Chris Charlesworth – leiande produsent
- Bill Curbishley – leiande produsent
- Greg Fulginiti – mastering
- Glyn Johns – produsent, lydteknikar
- Doug Sax – mastering
- Bob Ludwig – ommastering
- Robert Rosenberg – leiande produsent
- Richard Evans – design
- Graham Hughes – fotografi
Salslister
[endre | endre wikiteksten]Vekeslister
[endre | endre wikiteksten]Liste | Plassering |
---|---|
Australian ARIA Albums Charts[7] | 55 |
Den kanadiske albumlista | 3 |
Den nederlandske albumlista[8] | 43 |
Norske VG-lista[9] | 28 |
Den svenske albumlista[10] | 47 |
US Billboard 200 | 8 |
UK Albums Chart | 11Mal:Cn |
Salstrofé
[endre | endre wikiteksten]Region | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Canada (Music Canada)[11] | Gull | 50 000^ |
USA (RIAA)[12] | Gull | 500 000^ |
*salstala er basert på sertifiseringa aleine |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «It's Hard» frå Wikipedia på engelsk, den 4. juli 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- www.thewho.net. It's Hard Liner Notes Arkivert 2005-09-28 ved Wayback Machine.. Accessed on February 18, 2005.
- www.allmusic.com. It's Hard album Credits. Accessed on February 18, 2005.
- ↑ Erlewine, Stephen Thomas. «The Who – It's Hard». AllMusic. Henta 8. oktober 2019.
- ↑ «CG: the who». Robert Christgau. Henta 25. februar 2012.
- ↑ Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 1227. ISBN 1-57859-061-2.
- ↑ Parke Puterbaugh (30. september 1982). «It's Hard | Album Reviews». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 8. juni 2010. Henta 25. februar 2012.
- ↑ «The Who: Album Guide». rollingstone.com. Arkivert frå originalen 6. februar 2011. Henta 6. oktober 2019.
- ↑ https://petetownshend.net/news/exclusive-new-interview-with-tim-gorman
- ↑ Kent, David. Australian Chart Books 1940–2005.
- ↑ «Dutch Chart». dutchcharts.nl. Henta 25. juli 2016.
- ↑ «Norwegian Chart». norwegiancharts.com. Henta 25. juli 2016.
- ↑ «Swedish Chart». swedishcharts.com. Henta 25. juli 2016.
- ↑ «Canadian album salstrofé – The Who – It's Hard». Music Canada.
- ↑ «American album salstrofé – The Who – It's Hard». Recording Industry Association of America. If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH