Hopp til innhald

Jørgen Henschien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jørgen Henschien
Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. mars 1789
Øvre Eiker
Død

13. september 1864 (75 år)
Christiania

Yrke politikar, embetsmann
Språk norsk

Jørgen Henschien (6. mars 178913. september 1864) var ein norsk fut, fødd i Øvre Eiker og død i Christiania, som møtte på Stortinget i 1827 og -28. Han var far til Johannes Andreas Henschien.

Jørgen Henschien var son til ein godsforvaltar. Sjølv tok han juridisk eksamen i 1815, og vart overrettsprokurator i 1818. Frå 1818 til 1843 var han fut i Nedenes, busett i Fjære. Åra 1843-58 var han fut i Nedre Romerike.

Henschien representerte KongsbergStortinget i 1827 og på omframt-stortinget 1828. På det ordinære 1827-stortinget var han visesekretær i Lagtinget, og medlem i komiteen om gasjar, pensjonar og om kjøpstadskatten. I 1828 var han medlem i Lagtinget.