Jürgen Grabowski
Jürgen Grabowski i 2005 | |||
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Jürgen Grabowski | ||
Fødselsdato | 7. juli 1944 (80 år) | ||
Fødestad | Wiesbaden i Nazi-Tyskland | ||
Høgd | 175 cm | ||
Posisjon | Midtbanespelar | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1965-1980 | Eintracht Frankfurt | 441 | (109) |
Landslag | |||
1966-1974 | Vest-Tyskland | 44 | (5) |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Jürgen Grabowski (7. juli 1944–10. mars 2022) var ein tysk fotballspelar, fødd og død i Wiesbaden, som vart verdsmeister med Vest-Tyskland i 1974 og spelte på Eintracht Frankfurt i tida 1965-80. Han var ein allsidig angrepsspelar som oftast tok plass på høgrevengen.
Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Grabowski spelte på den lokale klubben FV Biebrich 1902 frå 1962. Frå 1965 hadde han i femten år kontrakt med Eintracht Frankfurt. Med Eintracht vann han den vesttyske DFB-pokalen i 1974 og 1975. I 1980 bidrog han til at Eintracht Frankfurt vann UEFA-cupen 1980, men var ikkje med i korkje finalane. Tidlegare i sesongen vart han nemleg skadd av ei takling frå Lothar Matthäus og ved sesongslutt valde Grabowski å leggje opp. Han spelte 441 kampar og skåra 109 mål for Eintracht.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Grabowski debuterte Vest-Tysklands landslag i mai 1966. Han fekk plass i VM-troppa, men kom ikkje på bana i England. Åra 1967-69 stod han utanfor landslaget og det vart fyrst våren 1970 han etablerte seg på laget. Han vann bronse med Vest-Tyskland under Fotball-VM 1970 i Mexico og vart europameister 1972. Under verdsmeisterskapen på heimebane i 1974 deltok han i alle kampane og skåra sitt femte og siste landslagsmål i kvartfinalen mot Sverige. Grabowski spelte sin 44. og siste landskamp på 30-årsdagen, ein kamp som enda med at han og lagkameratane stod att som verdsmeistrar etter finaletriumf 2-1 over Nederland på olympiastadion i München.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- Verdsmeister: 1974 med Vest-Tyskland
- Europameister: 1972 med Vest-Tyskland
- VM-bronse: 1970 med Vest-Tyskland
- Vinnar av UEFA-cupen: 1980 med Eintracht Frankfurt
- Vesttysk cupmeister: 1974 og 1975 med Eintracht Frankfurt
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Jürgen Grabowski» frå Wikipedia på tysk, den 19. oktober 2017.