Hopp til innhald

James Chadwick

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
James Chadwick

Fødd20. oktober 1891
Bollington i Cheshire i England
Død24. juli 1974 (82 år)
Cambridge i England
StatsborgarskapBritisk
NasjonalitetStorbritannia
Områdefysikk, nøytron, atombombe, radioaktivitet
Yrkekjernefysiker, universitetslærar, fysikar
InstitusjonarUniversity of Manchester
University of Liverpool
Victoria University of Manchester
Alma materUniversity of Manchester
University of Cambridge.
DoktorgradsrettleiarErnest Rutherford
Kjend forOppdaginga av nøytronet
EktefelleAileen Stewart-Brown
MedlemRoyal Society
Det saksiske vitenskapsakademiet
Det pavelege vitskapsakademiet
Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen
American Philosophical Society
American Physical Society

James Chadwick (20. oktober 189124. juli 1974) var ein britisk fysikar og nobelprisvinnar. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1935 «for oppdaginga av nøytronet».[1]

Han studerte 1913-1914 hos Hans Geiger i Tyskland og sat internering internert der under den første verdskrigen. Frå 1919 arbeidde han hos Ernest Rutherford ved Cavendish Laboratory i Cambridge og utførte eit pionerarbeid innan kjernefysisk forsking. Størst tyding fekk oppdaginga hans av nøytronet i 1932, eit arbeid han fekk Nobelprisen i fysikk for i 1935. 1935–1948 var han professor i Liverpool og deretter (1948–59) professor i Cambridge. Alt i 1939 byrja han å undersøkja høvet for å lage ei kjernefysisk bombe. Under krigen var han leiar for den britiske gruppa som deltok i Manhattanprosjektet, der han medverka til utviklinga av atombomba som seinare vart sleppt over Hiroshima under andre verdskrigen.

Utmerkingar og prisar (utval)

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Nobelprisen i fysikk 1935» (på engelsk). Nobelprize.org. Henta 7. februar 2011. 

Litteratur

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: James Chadwick