Johannesburg
Johannesburg | |
---|---|
Motto «Unity in Development» | |
Styresmakter | |
Land Provins |
Sør-Afrika Gauteng |
Grunnlagd | 1886 |
Geografi | |
Flatevidd | 1 644 km² |
Flatevidd - By |
1 644 km² |
Innbyggjarar - By (2021) - folketettleik |
5 926 668 1 962/km² |
Koordinatar | 26°12′S 28°4′E / 26.200°S 28.067°E |
Høgd over havet | 1 753 m |
Tidssone | SAST (UTC+2) |
Diverse anna | |
Heimeside: www.joburg.org.za | |
Plassering | |
Johannesburg, òg kalla eGoli (gullstaden) av svarte afrikanarar, er den største byen i Sør-Afrika. Byen vert òg kalla «Joburg», «Jozi» og «JHB» av sørafrikanarar. Johannesburg er hovudstad i provinsen Gauteng, den rikaste provinsen i Sør-Afrika og i heile Afrika sør for Sahara. Byen er ein av dei 40 største storbyområda i verda, og den einaste byen i Afrika som offisielt vert kalla ein verdsby. Mange reknar ofte feilaktig med at Johannesburg er hovudstad i Sør-Afrika, men dei tre hovudstadane i landet er Bloemfontein, Cape Town og Pretoria, som berre ligg nokre 100 km frå Johannesburg. Den sørafrikanske forfatningsdomstolen, høgsteretten i Sør-Afrika, ligg derimot i byen.
Johannesburg er eit handelssentrum for gull og diamantar på grunn av plasseringa si i det mineralrike fjella Witwatersrand. I Johannesburg ligg òg O.R. Tambo internasjonale lufthamn, den største og travlaste flyplassen i Afrika, og innfallsport for vidare reiser i det sørlege Afrika.
Demografi
[endre | endre wikiteksten]I følgje ei folketeljing i 2001 bur det meir enn 3 millionar menneske i byen. Johannesburg dekkjer eit område på 1 644 km², som er svært stort samanlikna med andre byar, og derfor vert folketettleiken berre 1 962/km². Folketalet i Stor-Johannesburg er nesten 8 millionar. Johannesburg omsluttar òg Soweto i sørvest, eit bydistrikt som apartheidregjeringa etablerte for å huse dei mange fremmedarbeidarane i byen.
Klima
[endre | endre wikiteksten]Johannesburg ligg på det høge platået i austlege delar av Sør-Afrika, heile 1 753 meter over havet. Klimaet er tørt, sjølv om det oppstår regnbyger om ettermiddagen mellom oktober og april.
Middeltemperaturen ligg på rundt 27 °C på sommaren og 20 °C på vinteren. Ein har minusgrader og frost innimellom, men dette skjer relativt sjeldan. Årsnedbøren ligg på mellom 600 og 800 millimeter, og dei største mengdene kjem på sommaren.