John Rymill
John Rymill | |
Statsborgarskap | Australia |
Fødd | 13. mars 1905 Penola |
Død |
7. september 1968 (63 år) |
Yrke | oppdagar |
Språk | engelsk |
John Rymill på Commons |
John Riddoch Rymill (13. mars 1905–7. september 1968) var ein australsk polfarar, som fekk den sjeldne polarmedaljen med to haker.
Rymill førebudde seg på polreisene med fjellklatring i Europa og tok flytimar ved de Havilland Aircraft Co. Ltd, Hendon og kurs ved Scott Polar Research Institute ved Cambridge, under professor Frank Debenham. I 1931 vart han utpeikt til British Arctic Air Route Expedition til Grønland (1930–31) som landmålar og pilot. Som følgje av dette sette Rymill i gang ein ekspedisjon til det sørlege Graham Land og Weddellhavet i Antarktis. Ekspedisjonen hans, British Graham Land Expedition (1934–37)[1], oppdaga eit sørleg, permanent isdekt sund, seinare kalla George VI Sound, som strekte seg til Bellingshausenhavet.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «John Rymill» frå Wikipedia på engelsk, den 21. oktober 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «British Graham Land Expedition, 1934-37». Scott Polar Research Institute. Henta 21. oktober 2012.
- ↑ Béchervaise, John (1988). «Rymill, John Riddoch (1905 - 1968)». Australian Dictionary of Biography. Canberra: Australian National University. Henta 21. oktober 2012.