Jon Løyland
Utsjånad
Jon Løyland | |
Fødd | 27. november 1887 |
Død |
Jon Løyland (27. november 1887–28. juli 1975) var ein norsk lærar og bonde frå Valle i Vest-Agder.
Løyland tok lærareksamen i 1911 og var i åra 1912-21 lærar fleire stader. Frå 1921 underviste han ved folkehøgskulen Setesdals ungdomsskule til skulen vart nedlagd i 1940. Sidan då var han framhaldskulelærar til 1954.
Løyland var mykje oppteken av kulturelle, historiske og nasjonale spørsmål. Mellom anna var han formann i både Agder Historielag, Aust-Agder Mållag og i Setesdalsmusèet. Han skreiv mange lokalhistoriske artiklar og ein del dikt, og gav ut bøkene Bygdedikting frå Agder i 1927 og Hans i Hagen i 1952.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1957