Jon Mark
Jon Mark | |||
Fødd | 8. mai 1944 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Falmouth | ||
Død | 10. februar 2021 (76 år) | ||
Fødenamn | John Michael Burchell | ||
Alias | Jon Mark | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Instrument | gitar | ||
Verka som | gitarist, songar-låtskrivar, plateartist |
Jon Mark (8. mai 1943–10. februar 2021) var ein britisk songar-låtskrivar og gitarist, som er mest kjend for innspelingane sine med Marianne Faithfull, Sweet Thursday, John Mayall og Mark-Almond. Mark vann ein Grammypris i 2004 for konsertopptak frå Rotorua i New Zealand.
Biografi
[endre | endre wikiteksten]Frå 1965 akkompagnerte Mark Marianne Faithfull på både studioinnspelingane og konsertane hennar. I tillegg skriv og arrangerte han songar for ho. I 1968 skipa han og Alun Davies bandet Sweet Thursday som bestod av Mark, Davies, Nicky Hopkins, Harvey Burns og Brian Odgers. I desember 1968 gav dei ut singelen «Getting It Together», som var skriven av Mark, men som ikkje kom med på det einaste albumet dei gav ut, Sweet Thursday på Fontana Records. Kort tid etter vart Mark med i bandet til John Mayall (etter Bluesbreakers) og turnerte med han og spelte på The Turning Point (1969) og Empty Rooms (1969). Der møtte han Johnny Almond og dei to danna Mark-Almond. Dei gav ut fire studioalbum og eit konsertalbum på første halvdel av 70-talet.
Mark gav ut eit soloalbum for Columbia, Song for a Friend, i 1975. Han og Almond kom saman att i 1975 og gav ut To the Heart på ABC Recordsi 1976, med trommeslagaren Billy Cobham. Andre kjende musikarar som har vore i studio eller turnert med Mark-Almond er trommeslagaren Dannie Richmond, fiolinisten Greg Bloch, klaverspelaren Tommy Eyre og bassisten Roger Sutton. Eyre og Sutton var seinare i lag i bandet Riff Raff. Mark-Almond vart oppløyst att i midten av 1980-åra, men kom saman att i 1996 for albumet Night Music.
Mark flytta til New Zealand i midten av 1980-åra og gav ut fleire suksessrike album med ambient, og samarbeidde med artistar innan tradisjonell keltisk folkemusikk. Mark vann Grammyprisen i 2004 for ei plate med tibetansk munkesong med kona Thelma Burchell.
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]Tidlege album
[endre | endre wikiteksten]- Jon and Alun: Relax Your Mind (1963)[1]
- Sweet Thursday: Sweet Thursday (1969)
- John Mayall: The Turning Point (1969)
- John Mayall: Empty Rooms (1969)
- Paul Williams & Friends: In Memory of Robert Johnson (1973)
Mark-Almond
[endre | endre wikiteksten]- Mark-Almond (1971)
- Mark-Almond II (1972)
- Rising (1972)
- 73 (1973)
- To the Heart (1976)
- Other Peoples Rooms (1978)
- Tuesday in New York (1980)
- Last & Live (1981)
- Night Music (1996)
Solo
[endre | endre wikiteksten]- Sally Free And Easy (1965)[2]
- Songs for a Friend (1975)
- The Lady and the Artist (1983)
- The Standing Stones of Callanish (1988)
- Land of Merlin (1992)
- Alhambra (1992)
- Hot Night (1994)
- Celtic Story (1995)
- A Sunday in Autumn (1995)
- Asia Journey (1996)
- Solitary Journeys (1997)
- All The Best From Jon Mark (1997)
- Leaving of Ireland (1998) (med David Anthony Clark).
- Quiet Land of Erin (2003) (wmed Deirdre Starr)
- Meditation on Winter (2004)
- New York, New York - 24 hours in the Big Apple (ft. John Stanford & Nick van Dijk) (2008)
- Sand (ft. David Parsons) (2008)
Bandmedlem
[endre | endre wikiteksten]- Marianne Faithfull: «Come My Way»
- Marianne Faithfull: «Live at the BBC»
- Mable Hillery: «It's So Hard To Be A Nigger» (1968) (gitar)
- Ronnie Paisley Band: Smoking Mirrors
- Radha [Sahar] & The Kiwi Kids: Sing along with Teddy (2007)[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Jon Mark» frå Wikipedia på engelsk, den 13. juni 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Relax Your Mind With Jon & Alun. Decca LK 4547-1963 release by John Michael Burchell and Alun Davies reviewed by Murphy Anderson.
- ↑ Jon Mark: Sally Free And Easy
- ↑ Sing along with Teddy (John Burchell, vokal)