Hopp til innhald

Joseph Conrad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Joseph Conrad

Statsborgarskap Det russiske imperiet, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, Storbritannia, Den andre polske republikken, Polen, Ukraina
Fødd 3. desember 1857
Terekhove, Berdytsjiv
Død

3. august 1924 (66 år)
Bishopsbourne, Kent

Yrke skribent, romanforfattar, essayist, manusforfattar, science fiction-forfattar, sjølvbiograf
Språk engelsk, polsk
Religion ateisme
Far Apollo Korzeniowski
Mor Ewa Korzeniewska
Ektefelle Jessie George
Joseph Conrad på Commons

Joseph Conrad, eigentleg Józef Teodor Nałęcz Konrad Korzeniowski (3. desember 18573. august 1924) var ein britisk forfattar med polsk bakgrunn som blir rekna som ein av dei store engelskspråklege forfattarane, trass i at engelsk var det tredje språket han lærte.[1]

Conrad blei fødd i det som i dag er den ukrainske byen Berdytsjiv, men då ein del av Det russiske keisarriket. Fram til 1793 var byen polsk og bar namnet Berdyczów, men kom under russisk besetning etter den andre delinga av Polen. Foreldra var polske adelege, mora heitte Ewelina Bobrowska og faren, Apollo Korzeniowski, skreiv skodespel som tok for seg aktuelle politiske tema og omsette William Shakespeare og Victor Hugo til polsk. Han oppmuntra Conrad til å lese polsk og fransk litteratur. Faren var ein polsk patriot som engasjerte seg i arbeidet for ein sjølvstendig polsk stat. Russarane kasta han derfor i fengsel i 1861, og ni månader seinare landsforviste dei han til den nord-russiske byen Vologda om lag 500 km nordaust for Moskva. Kona og den fire år gamle sonen flytta med, men av di kona var sjukleg fekk faren i 1865 flytte til Tsjernihiv i Nord-Ukraina. Berre få veker seinare døydde mor til Conrad av tuberkulose, medan faren døydde i Kraków fire år etter. Onkelen Tadeusz Bobrowski tok over omsorga for den elleve år gamle guten. I 1874, da Conrad var seksten år gammal, gav onkelen han lov til å reise til Marseille for å bli sjømann. Conrad seilte først i den franske, seinare i den engelske handelsflåten, og fekk britisk statsborgarskap i 1886.

I 1888 blei Conrad kaptein på barken «Otago»; det var den einaste kapteinsposten han hadde. Etter å ha levd eit spanande liv som sjømann gjekk han i land i 1894, dels på grunn av helseproblem og dels for å forsøke seg på ei litterær karriere.

Conrad budde i landsbyen Bishopsbourne utanfor Canterbury, og døydde der av eit hjarteinfarkt 3. august 1924.

Conrad skreiv noveller, kortromanar og romanar. Eit gjennomgåande tema er menneske som blir utsett for omstende der deira plikt- og æreskjensle blir sett på prøve, gjerne med hendingar henta frå sjømannslivet.

Det aller mest kjende av Conrad sine verk er kortromanen Heart of Darkness som er ei framstilling av ei reise inn i dei mørkaste avkrokane i menneskesinnet. Denne boka gir enn i dag atterklang hos lesarane, og teksten blir ofte diskutert og omfortolka i den litteratur- og kulturvitskapelege debatten rundt postmodernisme og postkolonialisme. Elles blir romanane Lord Jim og Nostromo rekna som dei beste bøkene hans; The Secret Agent og Under Western Eyes kan òg nemnast.

Conrad var ein meisterleg prosastilist som introduserte ei tydeleg ikkje-engelsk kjensle for tragikk og anti-heroisme i engelsk litteratur.[2] Nokre av verka syner romantiske trekk, men Conrad blir til vanleg rekna som ein forgjengar for modernistisk litteratur. Den forteljande stilen og dei anti-heroiske karakterane har inspirert mange forfattarar, som til dømes Ernest Hemingway, D.H. Lawrence, F. Scott Fitzgerald, Graham Greene, Malcolm Lowry, William S. Burroughs, Joseph Heller, V.S. Naipaul, Italo Calvino, Hunter S. Thompson og J.M. Coetzee.[3]

Ettermæle

[endre | endre wikiteksten]

Det er laga ei mengd filmar med manus basert på, eller meir lauseleg inspirert av, Conrad sine forteljingar, den mest kjende er Francis Ford Coppola sin Apokalypse nå! (1979). Hendingane, som i Heart of Darkness utspelar seg i langsmed Kongofloden under den belgiske kolonialismetida, er i filmen lagd til ei fiktiv elv under Vietnamkrigen. Det er òg laga filmar inspirert av forteljingane Victory, Lord Jim, The Secret Agent, An Outcast of the Islands, The Rover, The Shadow Line, The Duellists, Nostromo, Almayer's Folly og Amy Foster (filmen Swept from the Sea, 1997).

Romanar og kortromanar

[endre | endre wikiteksten]

Forteljingar

[endre | endre wikiteksten]
  • Tales of Unrest (1898)
Karain: A Memory
The Idiots
An Outpost of Progress
The Return
The Lagoon
  • Youth, a Narrative, and Two Other Stories (1902)
Youth
Heart of Darkness
The End of the Tether
  • Typhoon and Other Stories (1903)
Typhoon
Amy Foster
Falk
To-morrow
  • A Set of Six (1908)
Gaspar Ruiz
The Informer
The Brute
An Anarchist
The Duel
Il Conde
  • 'Twixt Land and Sea: Three Tales (1912)
A Smile of Fortune
The Secret Sharer
Freya of the Seven Isles
  • Within the Tides (1915)
The Planter of Malata
The Partner
The Inn of the Two Witches: A Find
Because of the Dollars
  • Tales of Hearsay (1925)
The Black Mate
The Warrior's Soul
Prince Roman
The Tale

Sjølvbiografiske verk

[endre | endre wikiteksten]
  • The Mirror of the Sea (1906)
  • A Personal Record (1912)

Teaterstykke og dramatiseringar

[endre | endre wikiteksten]
  • One day more, A Play in One Act (1913)
  • The Secret Agent, A Play in Four Acts (1921)
  • Laughing Anne, A Play (1923)

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Morton Dauwen Zabel, «Conrad, Joseph», Encyclopedia Americana, 1986 ed., vol. 7, s. 606.
  2. "Poland." Encyclopædia Britannica. 2009. Encyclopædia Britannica Online. 5 August 2009
  3. [1] Arkivert 2007-10-26 ved Wayback Machine. Om tildelinga av Nobels litteraturpris til Coetzee i 2003 (polsk).

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Joseph Conrad
Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Joseph Conrad
Kjelder
Portalar og biografiar
Litteratur
  • Gérard Jean-Aubry, Vie de Conrad, Gallimard, 1947, til engelsk av Helen Sebba, The Sea Dreamer: A Definitive Biography of Joseph Conrad, Doubleday & Co.,1957.Magill, Frank; Kohler, Dayton (1968). Masterplots 11. Salem Press. s. 236. 
  • Jeffrey Meyers, Joseph Conrad: a Biography, New York, Charles Scribner's Sons, 1991.
  • Zdzisław Najder, Conrad under Familial Eyes, Cambridge University Press, 1984, ISBN 0-521-25082-X.
  • Zdzisław Najder, Joseph Conrad: a Life, til engelsk av Halina Najder, Rochester, Camden House, 2007, ISBN 157113347X.
  • J.H. Stape, ed. The Cambridge Companion to Joseph Conrad, Cambridge University Press, 2006.
  • John Stape. The Several Lives of Joseph Conrad, Pantheon, 2008, ISBN 1400044499.
  • T. Scovel, A Time to Speak: a Psycholinguistic Inquiry into the Critical Period for Human Speech, Cambridge, MA, Newbury House, 1988.
  • Olivier Weber, Conrad, Arthaud-Flammarion, 2011.
  • Morton Dauwen Zabel, "Conrad, Joseph," Encyclopedia Americana, 1986 ed., ISBN 0-7172-0117-1, vol. 7, s. 606–7.
Litteraturkritikk
Ulikt