Kafr Takharim
Kafr Takharim | |||
كفر تخاريم | |||
by | |||
Land | Syria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Idlib | ||
Distrikt | Harem | ||
Nahiyah | Kafr Takharim | ||
Koordinatar | 36°6′59″N 36°30′53″E / 36.11639°N 36.51472°E | ||
Folketal | 10 084 (2004)[1] | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
Kafr Takharim 36°07′00″N 36°31′00″E / 36.116666666667°N 36.516666666667°E | |||
Kart som viser Kafr Takharim.
|
Kafr Takharim (arabisk كفر تخاريم, òg skrive Kafar Takhareem eller Kfar Takharam) er ein by nordvest i Syria i Idlib guvernement, nord for Idlib. Av stader i nærleiken finn ein Harem i nord, Salqin i nordvest, Abu Talha i vest og Armanaz i sør. Ifølgje Syrisk statistisk sentralbyrå, hadde Kafr Takharim eit folketal på 10 084 i 2004.[1] Byen er òg det administrative senteret i Kafr Takharim nahiyah som består av ni landsbyar med eit samla folketal på 14 772.[1] Innbyggjarane er hovudsakleg sunnimuslimar.[2]
Ibrahim Hananu, ein syrisk nasjonalist som leia den antifranske motstandsrørsla i Aleppo-området i 1919, var fødd i Kafr Takharim. Byen, som Hananu hadde representert i Den syriske nasjonalkongressen, tente som base for opprøret hans.[3] I 1958 vart kommunestyret i Kafr Takharim erstatta av eit kommunestyre som vart utpeikt av regjeringa.[4]
Kafr Takharim har vore åstad for demonstrasjonar mot regjeringa og opplevd vald under den syriske borgarkrigen mot styret til Bashar al-Assad. 1. august 2011 rapporterte aktivistar frå opposisjonen at over 175 menneske i byen vart arresterte og offentleg banka opp før dei vart sende i fengsel av tryggingsstyrkane og regjeringsmilitsen.[5] Frå februar 2012 har Kafr Takharim vore kontrollert av Den frie syriske armeen (FSA).[6] Den 1. oktober 2012 vart tre opprørarar drepne i Kafr Takharim under kampar mot den syriske hæren.[7]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kafr Takharim» frå Wikipedia på engelsk, den 12. juni 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Boulanger, Robert, red. (1966). The Middle East, Lebanon, Syria, Jordan, Iraq, Iran. Hachette.
- Gelvin, James L. (1999). Divided Loyalties: Nationalism and Mass Politics i Syria at the Close of Empire. University of California Press. ISBN 0520210700.
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Folketeljing 2004 Arkivert 2013-02-06 ved Wayback Machine.. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Idlib guvernement. (arabisk)
- ↑ Boulanger, 1966, s. 479.
- ↑ Gelvin, 1999, s. 133–134.
- ↑ Daily Report: Foreign Radio Broadcasts, Issues 191–195. United States: Foreign Broadcast Service, 1958.
- ↑ Assad warns against foreign intervention. Al Jazeera English. 2011-08-01.
- ↑ Reese, Tim. Few options for West i Syria crisis. The Sacramento Bee. 2012-02-28.
- ↑ Syria air strike kills 21 in Idlib: watchdog. Agence France Press. 2012-11-01.