Karachi
24°51′36.00″N 67°00′36.01″E / 24.8600000°N 67.0100028°E
Karachi | |||
sindhi ڪراچي urdu کراچی | |||
by | |||
Land | Pakistan | ||
---|---|---|---|
Provins | Sind | ||
Areal | 3 527 km² | ||
Folketal | 14 910 352 (2017) | ||
Retningsnummer | 021 | ||
Karachi 24°52′N 67°01′E / 24.86°N 67.01°E | |||
Wikimedia Commons: Karachi |
Karachi er den største byen og den opphavlege hovudstaden i Pakistan. Han er også det økonomiske senteret, viktigaste hamnebyen og eit transportknutepunkt i landet. Byen er i dag provinshovudstad for Sind. Karachi ligg ved Arabiahavet, like nordvest for Indusdeltaet.
Sidan grunnlegginga av Pakistan i 1947 har byen vakse kraftig, særleg sidan rundt 2000. Tettstadområdet Karachi er det niande folkerikaste i verda.[1] Ved folketeljinga i 2017 hadde byen 14 910 352 innbyggjarar.[2][3]
Soge
[endre | endre wikiteksten]Karachi var opphavleg eit fiskarsamfunn. Han blei utvikla som handelshamn frå 1700-talet, då dei nærliggande elvehamnene Karak Bunder, Shah Bunder og Kiti Bunder blei tilmudra.[4]
Den moderne hamnebyen blei utvikla av britiske kolonistyresmakter på 1800-talet. Han kom under deira styre i 1839 og blei gjort til hovudstad i Sind etter at dei erobra området i 1843. Utbygginga av hamna og bygging av jernbane herfrå og innover i landet førte til vekst.
Då Pakistan blei danna i 1947 blei Karachi vald til hovudstad, og fekk ei stor mengd tilflyttarar frå India av indiske muslimar, kjend som mohadjirar. Frå 1947 auka 1951 folketalet i byen med 161 prosent.[4] Folkeveksten fortsette også etter at hovudstaden blei flytta til Rawalpindi og seinare Islamabad i 1959. I tillegg til den fortsette innvandringa frå India kom også tilflyttarar frå den pakistnanske landsbygda.[4]
Dominansen frå dei innflytta mohadjirane i byen førte til konfliktar med den opphavlege befolkninga av sindhiar. Eit kvotesystem frå 1974 reduserte talet på mohadjirar i offentleg sektor frå 33 til 20 prosent. I 1983 blei partiet Mohajir Quami Movement (MQM) danna ut frå ei studentrørsle mot diskriminering. MQM vann lokalvalet i byen i 1992, men blei avsett av den pakistanske regjeringa i 1993. Konflikten hadde forårsaka spreidd vald sidan 1980-talet; på midten av 1990-talet blei samanstøyta valdsamare og fleire tusen blei drepne.
Økonomi og transport
[endre | endre wikiteksten]Karachi er endepunkt for det pakistanske jernbanenett og har ei stor internasjonal lufthamn. Den pakistanske marineflåten har også hamn her.
Byen er handelssentrum i landet og har også mykje eigen industri, som omfattar næringsmiddel-, tekstil-, sigarett-, sement-, elektro-, kjemisk og petrokjemisk industri.
Kultur og utdanning
[endre | endre wikiteksten]Byggeskikken i Karachi er prega av britisk koloniarkitektur, som kjøpesenteret Empress Market, Saint Patrick's Cathedral og Cantonment Railway Station. Lokale interesser har reist bygningar i retro- og moderne muslimsk stil, som Mohatta Palace (1927), Tooba-moskeen (1969) og mausoleet Mazar-e-Quaid (1970). 2000-talet har sett fleire skyskraparprosjekt.
Karachi huser Nasjonalmuseet i Pakistan frå 1950, som har store arkeologiske og etnografiske samlingar. Universitetet i Karachi blei grunnlagd i 1951. Det medisinske fakultetet ved Aga Khan-universitetet ligg her.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Karachi» frå Wikipedia på bokmål, og «Karachi» frå Wikipedia på engelsk den 15. mars 2009.
- «Karachi» i Store norske leksikon, snl.no.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Engelsk Wikipedia oppgav UN world Urbanization Prospects estimate for 2007 Arkivert 2012-07-17 ved Wayback Machine.
- ↑ «PROVISIONAL SUMMARY RESULTS OF 6TH POPULATION AND HOUSING CENSUS-2017». Pakistan Bureau of Statistics. Arkivert frå originalen 10. januar 2019. Henta 21. oktober 2017.
- ↑ «Ten major cities' population up by 74pc». Henta 21. oktober 2017.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 «The case of Karachi, Pakistan» (PDF). ucl.ac.uk. Henta 1. juni 2016.