Keys of the Kingdom
Keys of the Kingdom Studioalbum av The Moody Blues | ||
Utgjeve | 25. juni 1991 (USA) 1. juli 1991 (Storbritannia) | |
Innspelt | Ooktober 1990 – mai 1991 | |
Studio | Olympic Studios, Mayfair Studios, The Hit Factory og RG Jones Studios i London | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 53:02 | |
Selskap | Polydor (USA) Threshold (Storbritannia) | |
Produsent | Christopher Neil Alan Tarney Tony Visconti | |
The Moody Blues-kronologi | ||
---|---|---|
Greatest Hits (1989) |
Keys of the Kingdom | A Night at Red Rocks with the Colorado Symphony Orchestra (1993)
|
Singlar frå Keys of the Kingdom | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Chicago Tribune | [2] |
Entertainment Weekly | C−[3] |
Keys of the Kingdom er det fjortande studioalbumet til rockebandet The Moody Blues, utgjeve i 1991. Sjølv om nokre songane minnar om stilen på Sur La Mer, inneheldt ikkje Keys of the Kingdom nokre hitsinglar og markerte byrjinga på den dalande populariteten til The Moody Blues, som dei hadde hatt hos MTV-generasjonen.
På albumet gjekk bandet attende til meir rock-prega stil (liknande The Present) og hella ikkje så mykje mot synthpop som dei to førre albuma. Fløytist Ray Thomas spelte ei større rolle på dette albumet enn han hadde gjort på mange år med eit eige fløytestykke. Bandet nytta framleis mykje trommemaskinar og Graeme Edge spelar berre på tre songar, medan studiotrommeslagar Andy Duncan speler ekte trommer på to andre songar.[4]
Klaverspelar Patrick Moraz fekk sparken frå bandet etter å ha spelt inn berre nokre få songar for dette albumet, og er ført opp som 'ekstra' klaverspelar på omslaget. Etter at Moraz gjekk til søksmål mot bandet, distanserte dei seg frå han på seinare utgjevingar av albumet med til dømes å fjere han frå fotografi han alt var med på. Seinare hadde ikkje bandet ein klaverspelar som offisielt medlem i bandet.
Dette var det siste Moody Blues-albumet før den ekstravagante konserten deira ved Red Rocks og ei rekkje symfoniske turnar med orkester.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Say It With Love» | Justin Hayward | 3:57 |
2. | «Bless the Wings (That Bring You Back)» | Hayward | 5:10 |
3. | «Is This Heaven?» | Hayward, John Lodge | 4:04 |
4. | «Say What You Mean (Part 1 & 2) (Hayward)» | Hayward | 8:00 |
5. | «Lean on Me (Tonight)» | Lodge | 4:58 |
6. | «Hope and Pray (Hayward)» | Hayward | 5:03 |
7. | «Shadows on the Wall» | Lodge | 5:07 |
8. | «Once Is Enough» | Hayward, Lodge | 4:03 |
9. | «Celtic Sonant» | Ray Thomas | 5:02 |
10. | «Magic» | Lodge | 5:11 |
11. | «Never Blame the Rainbows for the Rain» | Hayward, Thomas | 4:57 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Justin Hayward – vokal, gitar
- John Lodge – vokal, bassgitar
- Ray Thomas – vokal, fløyte
- Graeme Edge – trommer, perkusjon
Andre medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Patrick Moraz – klaverinstrument på «Say What You Mean», «Celtic Sonant» og «Magic»
- Bias Boshell – klaverinstrument, trommemaskin
- Paul Bliss – klaverinstrument, trommemaskin
- Nigel Hitchcock – altsaksofon
- Jamie Talbot – tenorsaksofon
- Pete Beachill – trombone
- Guy Barker – trompet
- Andy Duncan – trommer på «Is This Heaven?» og «Magic»
Salslister
[endre | endre wikiteksten]Album
[endre | endre wikiteksten]År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1991 | Billboard 200 | 94 |
UK Albums Chart | 54 |
Singlar
[endre | endre wikiteksten]År | Singel | Liste | Plassering |
---|---|---|---|
1991 | «Say It with Love» | Mainstream Rock Tracks | 22 |
1991 | «Say It with Love» | Adult Contemporary | 31 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Keys of the Kingdom» frå Wikipedia på engelsk, den 11. mai 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Connolly, Dave. Keys of the Kingdom på Allmusic. Henta 7. september 2019.
- ↑ Kampert, Patrick (11. juli 1991). «The Moody Blues - Keys of the Kingdom». Chicago Tribune.
- ↑ DiMartino, Dave (23. august 1991). «Keys of the Kingdom Review». Entertainment Weekly. Arkivert frå originalen 21. desember 2009. Henta 7. september 2019.
- ↑ «The Moody Blues - Keys Of The Kingdom Lyrics». Webwriter.f2s.com. Henta 11. mai 2012.