Kikert
- For kikert til å sjå med, sjå kikkert.
Kikert | |
Kikert | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Erteblomordenen Fabales |
Familie: | Erteblomfamilien Fabaceae |
Underfamilie: | Faboideae |
Stamme: | Cicereae |
Slekt: | Cicer |
Art: | Kikert C. arietinum |
Vitskapleg namn | |
Cicer arietinum |
Kikert (Cicer arietinum) er ei belgfrukt i erteblomfamilien. Dei næringsrike frøa blir mykje brukt i matlaging, mellom anna i middelhavsmat og i indisk mat.
Ordet «kikert» kjem frå tysk Kichererbse som opphavleg kjem frå latin cicer, ei avleiing av ordet for arr, cicatrix, som også kan visa til ei innholing i plantar. På andre språk er kikerter mellom anna kjende som chana (Sør-Asia), ceci (italiensk) eller garbanzo (spansk-påverka område).
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Kikertplanten blir tjue til femti cm høg, og har små blad på begge sider av stammen. Blomane er lyslilla. Dei dannar seinare ein belg som inneheld to eller tre erter.
Kikerter veks best i subtropisk eller tropisk klima med meir enn 400 mm nedbør i året. Dei kan også dyrkast i temperert klima, men avlinga vil då bli mykje mindre. Ein dyrkar særleg kikerter i Middelhavsområdet, vest i Asia og i India. I søraustlege Tyrkia finst Cicer reticulatum, ein eldre, viltveksande slektning av kikerta. Ein reknar derfor med at det var her ein byrja dyrka kikerter.
Bruk
[endre | endre wikiteksten]Ein kan eta kikerter mogne eller umogne. Kikerter kan kokast, steikast, bakast, mosast, malast til mjøl (kikertmjøl eller besan) eller spirast. Ertene eigner seg både til krydra rettar som chana masala, milde rettar som hummus og søte rettar som laddu. Kikerter kan vera ei viktig proteinkjelde i vegetarisk mat, og molne eller moste har dei bindande eigenskapar som gjer dei til ei god eggeerstatning.
Kikerter kan mellom anna brukast til snacks, i salatar og stuingar, i bollar som falafel eller i pannekaker som farinata, cecina og socca. Kikertmjøl blir mykje brukt i ulike frityrsteikte rettar, som papadam, pakora og panelle. I burmesisk matlaging og i Yunnan i Kina blir mjølet brukt til å laga ein type tofu.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- K. Kris Hirst, «Chickpeas or Garbanzo beans (Cicer arietinum) Domestication and History», about.com
- Philologos, «Chickpeas», ON LANGUAGE, Forward (October 21, 2005)
- Denne artikkelen bygger på «Chickpea» frå Wikipedia på engelsk, og «Kikert» frå Wikipedia på bokmål den 23. august 2014.