Hopp til innhald

Kjønrøyk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kjønrøyk

Kjønrøyk (av tysk Kien, «furu») var opphavleg nemninga på sot som vart framstilt ved ufullstendig forbrenning av harpiksrik furu. I dag vert han laga ved ufullstendig forbrenning av olje. Bruksområde er/var mellom anna svart pigment i måling og tusj, trykksverte og til medisinske føremål.

Kjønrøyken vart seld i små lagga trekar som vart kalla kjønrøykbøsser.

Eit anna namn på denne typen sot er «lampesvart».