Hopp til innhald

Kjede

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kjede og kjedehjul.
Registerkjeda på ein bilmotor.

Kjede er eit fleksibelt band sett saman av korte metalbitar, som vert haldne frå kvarandre av korte røyrstubbar. Kjede vert ofte nytta for å driva ein aksling frå ein annan, med å setta kjedehjul på akslingane og legga ei kjede rundt kjedehjula.

Kjededrift vert òg nytta når det er viktig at ulike akslingar har ein bestemt vinkel i høve til kvarandre, som til dømes kamakselen i ein stempelmotor.