Hopp til innhald

Klassisk indisk dans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Klassisk indisk dans er eit samleomgrep for ulike indiske danseformer med opphav i natya, heilage musikalske framføringar innan hinduismen. Teorien bak dansen kan sporast tilbake til verket Natyasjastra frå 300-talet f.Kr. Dansane har typisk visse fastlagde talande auge- og handrørsler som bidreg til å fortelja ei forteljing, faste kostyme og gjerne også faste rollar. Utøvinga av desse dramaformene treng ikkje berre omfatta dans, men kan også innehalda song, tale og bruk av musikkinstrument.

Danseformer

[endre | endre wikiteksten]

Sangeet Natak Akademi gjev åtte indiske danseformer status som klassiske: Bharatanatyam, kathak, kathakali, kuchipudi, manipuri, mohiniyattam, odissi og sattriya.[1][2] Det finst også andre dansar som kan kallast klassiske, til dømes gaudiyanritya frå Bengal og andhranatyam frå Andhra Pradesh.

Danseform Opphav Bilete
Bharatanatyam Tamil Nadu Mannleg bharatanatyamdansar. Kvinneleg bharatanatyamdansar.
Kathak Uttar Pradesh Chakkarwala tukra under kathakdans. Kathak-par.
Kathakali Kerala Kathakali-utøvar i pachcha-rolla, den gode (grøne) rolla. Kathakali
Kuchipudi Andhra Pradesh Kuchipudi-par. Kuchipudi
Manipuri Manipur Pung cholom-utøvar. Manipuridans med senar frå livet til Krisjna.
Mohiniyattam Kerala Mohiniyattam Mohiniyattam-utøvar i ananda sayana-stillinga.
Odissi Orissa Odissi Odissi
Sattriya Assam Prakriti Ora, ein av sekstifire mati-akhora, grunnleggjande sattriya-øvingar.
Fotnotar
  1. «Indian Classical Dance». One India. 19. april 2009. Henta 11. juni 2010. 
  2. Narayan, Shovana (2005). Indian classical dances: "ekam sat vipraah bahudaa vadanti". Shubhi Publications. s. 5. 
Spire Denne kulturartikkelen som har med India å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.