Kourou
05°09′35″N 52°39′01″W / 5.15972°N 52.65028°W
Kourou | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Frankrike | ||
---|---|---|---|
Areal | 2 160 km² | ||
Folketal | 24 612 (1. januar 2021) | ||
Kourou 5°09′30″N 52°38′34″W / 5.1583333333333°N 52.642777777778°W | |||
Wikimedia Commons: Kourou |
Kourou er ein by og ein kommune i Fransk Guyana, eit fransk oversjøisk department i Sør-Amerika. Byen ligg ved kysten av Atlanterhavet rundt 60 km nordvest for hovudstaden Cayenne ved munningen av elva Kourou.
Kourou er heimstad for Centre spatial guyanais (‘Guyana romfartssenter’) i Frankrike og der den viktigaste romhamna til Den europeiske romfartsorganisasjonen. Romfartssenteret ligg utanfor og litt nordvest for byen. Delar av byen vert stengt av under rakettoppskytingar. Kourous økonomi er i stor grad dominert av romfartssenteret, der dei europeiske Ariane-rakettane vert skotne opp frå, og frå 2009 òg den russiske Sojuz og den italienske Vega.
Ved folketeljinga i 1999 hadde kommunen 19 107 innbyggjarar, og folkesetnadstalet aukar raskt. Innbyggjarane kan delast inn i tre omtrent like store etniske grupper:
- Innfødde (hovudsakleg kalina, kreolar og maroonar)
- Kvite (hovudsakleg franske), og
- Utlendingar (brasilianarar, surinamarar, hmongfolk, haitiarar, guyanarar osb.)
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Den lange sandstranda i Kourou.
-
Romfartssenteret i Kourou.
-
Dreyfus-tårnet, eit fyrtårn.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kourou» frå Wikipedia på bokmål, den 8. februar 2018.