Hopp til innhald

Kristin Asbjørnsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kristin Asbjørnsen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. mai 1971 (53 år)
Lillehammer kommune
Yrke komponist, songar, jazzmusikar
Språk norsk
Medlem av Dadafon, Krøyt, Kvitretten, Tord Gustavsen Ensemble
Nettstad http://www.kristinsong.com
Kristin Asbjørnsen på Commons
Kristin Asbjørnsen i 2008.

Kristin Asbjørnsen (fødd 12. mai 1971) er ein norsk jazzvokalist.

Kristin Asbjørnsen har teke utdanning på jazzlinja ved Trøndelag Musikkonservatorium, Norges Musikkhøgskole og Universitetet i Oslo. Ho har mange ulike musikalske prosjekt bak seg. På nittitalet var Kristin Asbjørnsen med i vokalgruppa Kvitretten, og ho er framleis med i gruppene Dadafon og Krøyt. Ho har gjeve ut plater både saman med desse gruppene, og elles samarbeidt med t.d. Ketil Bjørnstad og Tord Gustavsen. Med Dadafon og Krøyt har Asbjørnsen vore med på å vinna både Alarmprisen og Spellemannprisen.

Ho debuterte som soloartist med Wayfaring Stranger i 2006. På eiga hand vann Kristin Asbjørnsen Gammleng-prisen i klassen jazz i 2000, og Spellemannprisen 2009 i open klasse for plata The Night Shines Like the Day.

Kristin Asbjørnsen opptrer oftast berrføtt. Ho har uttalt at det er fordi ho likar å få fotfeste, og at ho kjenner seg nervøs når ho har på seg sko. [1]

Diskografi som soloartist

[endre | endre wikiteksten]
  • Wayfaring Stranger - a Spiritual Songbook (2006)
  • Factotum (2006)
  • The Night Shines Like the Day (2009)