Kristján Eldjárn
Kristján Eldjárn | |||
| |||
Fødd | 6. desember 1916 Tjörn í Svarfaðardal | ||
---|---|---|---|
Død | 14. september 1982 (65 år) | ||
Statsborgar av | Island | ||
Parti | partilaus | ||
Yrke | kurator, antropolog, politikar, arkeolog | ||
Institusjonar | Háskóli Íslands | ||
Utdanna ved | Københavns Universitet Háskóli Íslands | ||
Far | Þórarinn Kr. Eldjárn | ||
Ektefelle | Halldóra Eldjárn | ||
Barn | Þórarinn Eldjárn, Sigrún Eldjárn | ||
Medlem | Kungliga Vitterhets Historie och Antikvitets Akademien | ||
Alle verv |
Kristján Eldjárn (6. desember 1916–14. september 1982) i Reykjavík) var den tredje presidenten på Island, frå 1968 til 1980.[1]
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Han voks opp i i Tjörn i Svarfaðardal. Foreldra var Þórarinn Kr. Eldjárn, som var bonde og lærar i Tjörn, og Sigrún Sigurhjartardóttir. Han tok eksamen i arkeologi ved Københavns Universitet og underviste seinare ved Háskóli Íslands (Universitetet på Island). I 1957 fekk han ein doktorgrad for undersøkingane sine om heidenske gravskikkar på Island. Seinare blei han leiar av Nasjonalmuséet på Island.
Ved presidentvalet i 1968, der han stilte mot ambassadør Gunnar Thoroddsen, låg han først under på meiningsmålingane. Motkandidaten hadde først 70% tilslutnad på målingane, men Kristján Eldjárn vann valet med 65,6 % av røystene, i eit val der valdeltakinga låg på heile 92,2%. Han vart attvald utan motkandidat i 1972 og 1976.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Kristján Eldjárn» i Store norske leksikon, snl.no.