Hopp til innhald

Kukës

Koordinatar: 42°5′0″N 20°25′0″E / 42.08333°N 20.41667°E / 42.08333; 20.41667
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kukës
Det sentrale torget i Kukës
Det sentrale torget i Kukës
Det sentrale torget i Kukës
Byvåpenet til Kukës
Byvåpenet til Kukës
Styresmakter
Land
Region
Albania
Kukës
Geografi
Flatevidd
 - By

935 km²
Innbyggjarar[1]
 - By (2011)

47 985
Koordinatar 42°5′0″N 20°25′0″E / 42.08333°N 20.41667°E / 42.08333; 20.41667
Høgd over havet 320 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Heimeside: https://kukesi.gov.al/
Plassering
Kukës kommune innafor regionen Kukës
Kukës kommune innafor regionen Kukës
Kukës kommune innafor regionen Kukës

Kukës er ein by og ein kommune i regionen Kukës i Albania. Kommunen ligg nordaust i landet og grensar i vest til regionane Shkodër og Lezhë, i sør til Dibër og i aust til nabolanda Nord-Makedonia og Kosovo.

Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Kukës vart slått saman med landkommunane Malzi, Bicaj, Ujmisht, Tërthore, Shtiqën, Zapod, Shishtavec, Topojan, Bushtricë, Grykë-Çajë, Kalis, Surroj, Arrën og Kolsh.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Kukës.

Ved folketeljinga i 2011 hadde den dåverande bykommunen 16 719 innbyggjarar, medan dei 15 kommunane som i dag utgjer storkommunen Kukës, til saman hadde 47 985 innbyggjarar.[1]

Tidlegare administrativ inndeling

[endre | endre wikiteksten]

Fram til år 2000 var dei tidlegare by- og landkommunane ein del av distriktet Kukës.[3] Den dåverande bykommunen omfatta sjølve byen Korçë og busetnadene:[2]

  • Gostil
  • Drinas

Referansar

[endre | endre wikiteksten]