Kvitpannegerygone
Kvitpannegerygone | |
Illustrasjon av Charles Joseph Hullmandel | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av Kvitpannegerygone | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Tornsmettfamilien Acanthizidae |
Slekt: | Gerygonar Gerygone |
Art: | Kvitpannegerygone G. albofrontata |
Vitskapleg namn | |
Gerygone albofrontata |
Kvitpannegerygone (Gerygone albofrontata) er ein liten sporvefugl i tornsmettfamilien, endemisk for Chathamøyane utanfor austkysten av New Zealand. Han liknar gerygone på Nordøya og Sørøya, men kvitpannegerygonar har lengre nebb og brunare fjørdrakt.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Denne arten måler ca. 12 centimeter i kroppslengd og har kroppssvekt på 8,5 til 10 gram, hannfuglar er tyngst. Hannar har mørke felt på venger og hale, eit markert kvitt augebryn som går rundt panna, og har framtredande kvit hals, bryst og underside. Hoer er gråare på underside og bryst og manglar det kvite partiet i panna.
Kvitpannegerygonar lever i skog og krattskog på mange av dei sørlege Chathamøyane inkludert Pitt Island, og på den skogkledde sørlege delen av hovudøya. Detter er ein insektetande art, det meste av føda plukkar dei frå bladverk og sprekker i trestammar og greiner. Dei beitar òg insekt blant nedfall av blad på bakken. Blant byttedyra inngår larver, fluger, kongroer og biller.
Dei bygg overbygde, hengjande reir med sideinngang på tre cm i tverrsnitt, kring seks meter over bakken eller lågare. Eit kull er på typisk tre kvite egg som hoa rugar i 20 dagar. Etter det tar det ca. 20 dagar til ungane er flygedyktige, og foreldra kan fôre dei opptil 24 dagar etter at dei forlét reiret. Unge fuglar startar hekking når dei er to år, og kvitpannegerygonar kan nå ein levealder på opptil sju år.
Arten har status som livskraftig, om fuglane finst over store område er dei ikkje vanlege nokon stader. Storleiken på populasjonen er ikkje talfesta, men er trudd å vere minkande.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005
- BirdLife International (2013) Species factsheet: Gerygone albofrontata Arkivert 2015-06-10 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 6. oktober 2013.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ BirdLife International 2013
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Chatham Island fantail, Chatham Island tomtit and Chatham Island warbler recovery plan 2001-2011» (PDF). Department of Conservation, Wellington, New Zealand. 2001. Henta 4. oktober 2007.