Løveape
Løveape | |
Løveape | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Utbreiinga av løveape | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Primatar Primates |
Familie: | Callitrichidae |
Slekt: | Leontopithecus |
Art: | Løveape L. rosalia |
Vitskapleg namn | |
Leontopithecus rosalia |
Løveape eller løvetamarin (Leontopithecus rosalia) er ein liten primat i silkeapefamilien, Callitrichidae. Arten er mellom anna i slekt med silkeapa.
Utsjånad
[endre | endre wikiteksten]Arten er den største i silkeapefamilien med ei kroppslengd på 34–40 cm og halelengd på 26–38 cm. Vekta er på 630-710 g. Pelsen er raudgul, og dei lange håra på issen, kinna og sidene av halsen kan reisast opp som ein man. Ulikt dei fleste apar har løveapa klør i staden for neglar. Hannar og hoer ser heilt like ut.
Føde og levevis
[endre | endre wikiteksten]Føda er frukt og grønsaker, men også insekt, edderkoppar og smådyr. Apa kan bli opptil 10-15 år gamal. Løveapa er endemisk for atlanterhavsskogen i Brasil. Ho lever høgt oppe i trekrunene, om lag 30 meter over bakken, eller meir.
Utbreiing
[endre | endre wikiteksten]Apa er truga av skoghogst; ein rekner med at berre 2 %–5 % av det opphavlege leveområdet deira er att.[1] I vill tilstand finst berre nokre hundre eksemplar att. Dei finst berre i tre små regnskogsområde i Søraust-Brasil: Poço das Antas Biological Reserve, Fazenda União biologiske reservat og private landområde knytt til eit reintroduksjonsprogram.[2]
Det finst rundt 490 individ i fangenskap i 150 ulike dyrehagar.[2][3][4] I Skandinavia finst arten mellom anna i Ålborg Zoo og Kristiansand Dyrepark.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Wildlife Trust, Durrel Concervation. «Golden lion tamarin | Durrell Wildlife Concervation Trust». Durrell Wildlife Conservation Trust. Arkivert frå originalen 6. september 2015. Henta 26. mars 2012.
- ↑ 2,0 2,1 «Current status of golden lion tamarin». National Zoological Park. Arkivert frå originalen 24 August 2011. Henta 26 March 2012.
- ↑ Kierulff, M.C.M.; Rylands, A.B. & de Oliveira, M.M. (2008). «Leontopithecus rosalia». The IUCN Red List of Threatened Species (IUCN) 2008: e.T11506A3287321. doi:10.2305/IUCN.UK.2008.RLTS.T11506A3287321.en. Henta 12 January 2018.
- ↑ «PRESS RELEASE: New Census of Wild GLT Population - Recent News - Save the Golden Lion Tamarin». www.savetheliontamarin.org. Henta 10. april 2018.
- «løveape» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Golden lion tamarin» frå Wikipedia på engelsk, den 22. august 2018.
- Bokmålswikipedia om løvetamarin.