Lee Calhoun
Lee Calhoun | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 23. februar 1933 Laurel |
Død | |
Yrke | friidrettsutøvar |
Høgd | 185 centimeter |
Lee Quincy Calhoun (23. februar 1933–21. juni 1989) var ein USA-amerikansk friidrettsutøvar som vart olympisk meister på 110 meter hekk både i 1956 og 1960.
Calhoun, som var fødd i Laurel i delstaten Mississippi, vann i 1956 korthekken under både den amerikanske studentmeisterskapen og forbundsmeisterskapen (AAU). Under Sommar-OL 1956 i slutten av november månad overraska han stort då han vann gullmedaljen på 110 m hekk, på same tid som landsmannen og verdsrekordhaldaren Jack Davis. Vinnartida 13,5 var ei personleg forbetring på over eit halvt sekund for Calhoun. Også i 1957 vann Calhoun korthekken i begge dei amerikanske meisterskapane.
I 1959 vann Calhoun sin tredje AAU-tittel på korthekken. Den 21. august 1960 tangerte han verdsrekordtida 13,2 under eit stemne i Bern i Sveits og melde seg i favorittsjiktet til Ol-øvinga. To veker seinare forvarte han OL-tittelen på 110 meter hekk då sommarleikane 1960 fann stad på Stadio Olimpico i Roma. Og som sist slo han ein landsmann med minst mogleg margin i kampen om gullmedaljen på 110 m hekk. Tidene for Calhoun og sølvvinnar Willie May var dei same; 13,8 sekundar.
Etter 1960 arbeidde Calhoun som friidrettstrenar ved ulike universitet i USA. Han døydde i Erie i Pennsylvania.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Lee Calhoun» frå Wikipedia på engelsk, den 2. august 2015.
- Einskildmenn
- Fødde i 1933
- Døde i 1989
- Hekkeløparar frå USA
- Olympiske meistrar for USA
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1956
- USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1956
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1956
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1960
- USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1960
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1960