Lee Keun-ho
Utsjånad
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn |
이근호 Lee Keun-Ho | ||
Fødd | 11. april 1985 | ||
Fødestad | Incheon i Sør-Korea | ||
Høgd | 176 cm | ||
Posisjon | Ving, spiss | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Júbilo Iwata | ||
Nummer | 33 | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
2004-06 2007-08 2009- |
Incheon United Daegu FC Júbilo Iwata |
2 (0) 46 (19) 24 (13) | |
Landslag | |||
2003-05 2003- |
Sør-Korea U23 Sør-Korea |
17 (5) 30 (8) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 4. februar 2010 ‡ Landslagsmål oppdatert 3. mars 2010 |
Lee Keun-Ho, med revidert transkripsjon Yi Geun-ho (fødd 11. april 1985 i Incheon) er ein sørkoreansk fotballspelar som har spela for Júbilo Iwata i den japanske J-ligaen, og for det sørkoreanske landslaget.
Lee fekk gjennombrotet sitt som profesjonell fotballspelarar hjå Daegu FC i den koreanske K-ligaen. Både i 2007 og 2008 var han toppskårar blant koreanske spelarar i K-ligaen, dette innebar 7. og 5. plass på den samla toppskårarlista. I april 2009 skreiv han under for det japanske laget Júbilo Iwata, i utgangspunktet med ein 9-månaderskontrakt. Han forlenga kontrakten i 2010.
Lee debuterte for Sør-Korea sitt A-landslag 29. juni 2007 som innbytar i ein vennskapskamp mot Irak. Han skåra mål i same kampen.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]