Hopp til innhald

Let's Go Trippin'

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Let's Go Trippin'
Singel av Dick Dale and The Deltones
frå albumet Surfers' Choice
Utgjeve September 1961
Innspelt 1961
Lengd 2:10
Selskap Deltone
Låtskrivar(ar) Dick Dale
Produsent Jim Monsour
Dick Dale and The Deltones-kronologi 
«Ooh-Wee Marie»
(1961)
Let's Go Trippin' «Jungle Fever»
(1962)


«Let's Go Trippin'» er ein instrumental av Dick Dale and The Del-Tones. Songen vert ofte rekna som den første surferock-instrumentalen. Songen var først framført for folk i 1960 i The Rendezvous i Balboa i California og klatra raskt til fjerdeplassen på hitlista til den innverknadstunge radiostasjonen KFWB i Los Angeles, og nådde seinare 60. plassen på den nasjonale singellista.

Songen vart nytta som kjenningsmelodi til BBC Radio 4-programmet Home Truths, som opphavleg vart presentert av John Peel.