Linda
Utsjånad
Linda er eit kvinnenamn med fleire moglege opphav. Det kan koma frå det spanske linda, som tyder 'vakker', eller frå namn som sluttar på -linda, eit germansk namneledd som tyder 'mjuk' eller 'bøyeleg' (sjå Linn). Linda kan også vera eit slektsnamn.
Namnet var mykje brukt for norske jenter fødde frå 1970- til 1990-talet. Linda har namnedag den 13. mai i Noreg og den 20. juni i Sverige. Namnet kan også skrivast Lynda. Lindis er ein variant av namnet. Lindsay kan også knytast til Linda.
Namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Linda Darnell (1923–1965), USA-amerikansk filmskodespelar
- Linda McCartney (1941–1998), USA-amerikansk fotograf og musikar, gift med Paul McCartney
- Linda Fiorentino (f. 1960), USA-amerikansk skodespelar
- Linda de Mol (f. 1964), opphavleg Margaretha de Mol, nederlandsk skodespelar og mediekvinne
- Linda Evangelista (f. 1965), kanadisk modell
- Linda Medalen (f. 1965), norsk fotballspelar
- Linda Brava (f. 1970), opphavleg Linda Lampenius, finsk felespelar
- Linda Grubben (f. 1979), norsk skiskyttar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Linda» frå Wikipedia på bokmål, den 13. mai 2009.