Los Ríos-provinsen
Los Ríos | |||
provins | |||
|
|||
Land | Ecuador | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Babahoyo | ||
Areal | 7 205,27 km² | ||
Folketal | 898 652 (2022)[1] | ||
Språk | spansk | ||
Los Ríos-provinsen 1°18′S 79°30′W / 1.3°S 79.5°W | |||
Kart som viser Los Ríos-provinsen.
| |||
Wikimedia Commons: Los Ríos Province |
Los Ríos (spansk uttale [los ˈri.os]; rio = elv) er ein provins i Ecuador. Han ligg i låglandet av Ecuador, på vestside av Andes og er prega av eit vassrikt elvenettverk, med elvar som har utspringet sitt i vestlege skråningar av Andesfjella og er kjelder og sideelvar til Guayaselva. Los Ríos har rundt 900 000 innbyggjarar på eit område på cirka 7200 km². Hovudstaden er Babahoyo.
Plassering og geografi
[endre | endre wikiteksten]Los Ríos ligg i kystregionen i vestlege Ecuador, og strekkjer seg nord-sør i landets sentrale del. Provinsen grensar i sør og vest til Guayas, i nord til provinsen Santo Domingo de los Tsáchilas og i aust til provinsane Cotopaxi og Bolívar.
Provinsen ligg i kystlåglandet, så det meste av Los Ríos er lågtliggande. I nordaust finst nokre fjell- og åskjeder som når opp til 2000 meter, som er forløparar til Andesfjella.
Klimaet er tropisk, med ein årleg gjennomsnittstemperatur på rundt 23 °C og små sesongmessige variasjonar. Frå juni til desember er klimaet tørt og kjøligare (sommar), medan det frå desember til juni er regntid og varmare (vinter). Størstedelen av provinsen består av fuktig savanne, og det finst også tropisk regnskog i Los Ríos.
Det omfattande elvenettverket, som har gjeve namn til provinsen, gjorde området til eit viktig handelssenter allereie før kolonitida. Takka vere det vassrike området og dei mange elvane er Los Ríos ein av dei mest fruktbare provinsane i Ecuador for tropisk landbruk. Hovudelva er Río Babahoyo, som blir danna ved samløpet av elvane Río Catarama og Río San Pablo i hovudstaden i provinsen Babahoyo. På sin veg mot kysten får Río Babahoyo vatn frå mange andre elvar (m.a. Río Vinces, Río Jujan og Río Yaguachi) før han møter Río Daule ved Guayaquil og saman dannar Río Guayas, som renn ut i Guayaquilbukta 50 kilometer lenger ned.
Forutan Babahoyo er Quevedo, Vinces og San Jacinto de Buena Fe dei største byane i provinsen. Quevedo er den mest folkerike byen i provinsen, med ein stor del kinesiske innvandrarar. Byen er eit handels- og transportknutepunkt mellom høglandet i Andes og kysten.
Økonomi og infrastruktur
[endre | endre wikiteksten]Landbruket er den viktigaste næringsvegen i Los Ríos. Provinsen er den største produsenten av kakao i Ecuador og den nest største produsenten av kaffi. I tillegg blir mellom anna dyrka bananar, oljepalmar og pasjonsfrukt (maracuja).
Tømmerhogst er også ei viktig næring, men ho har ført til avskoging av tropiske skogar. Dei viktigaste industrielle sektorane inkluderer papirproduksjon, møbelproduksjon og landbruksindustri.
I tillegg til dette er kunsthandverk som korgfletting og ulike typar lågtlønt servicearbeid grunnlaget for levebrødet til mange menneske.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Området som i dag utgjer provinsen, var eit sentrum for chorrerakulturen, som blir datert til ca. 1500–500 f.Kr. Kulturen har fått namnet sitt etter den første viktige funnstaden for artefaktar, Hacienda Chorrera. Spor etter valdiviakulturen er også funne her.
På tidspunktet for den spanske koloniseringa var området budd i av stammar frå babas og babahoyos, som blir rekna som ein del av huancavilca-folket.
Den noverande provinsen fekk det endelege sjølvstendet sitt i 1822, og Babahoyo og Baba vart, i samsvar med lova om territorial inndeling av Stor-Colombia frå 1824, kantonar i provinsen Guayaquil i dagens Guayasprovins).
Den 6. oktober 1860 vart den nye provinsen oppretta, med dagens Babahoyo som hovudstad. Nokre få år seinare brann hovudstaden ned, som då hovudsakleg bestod av hus laga av tre og siv, og i 1869 vart byen gjenoppbygd på motsett side av Babahoyo-elva.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen er ei omsetjing av «Provinz Los Ríos» frå Wikipedia på tysk, den 18. oktober 2024.
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Principales resultados» (på spansk). Henta 26. september 2023.
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |