Lydtrykk
Utsjånad
Lydtrykk er små variasjonar i lufttrykket skapt av lydbølgjer. Bølgjene skapar små fortettingar og fortynningar av lufta opptil mange gonger i sekundet, slik at lufttrykket vil veksle mellom litt over og litt under atmosfæretrykket. Det er desse trykkvariasjonane som set trommehinna i øyra i svingingar. Ved særs sterk lyd er lydtrykket 1/10 000 av atmosfæretrykket, og den svakaste høyrbare lyden er 1/10 000 000 000 av atmosfæretrykket. SI-eininga for lydtrykk er Pa.
Lydtrykknivå
[endre | endre wikiteksten]I staden for absolutt lydtrykk nyttar ein ofte lydtrykknivå, definert som
- ,
der μPa, som er det minste lydtrykknivået ein gjennomsnittsperson oppfattar.
Døme på lydtrykknivå
[endre | endre wikiteksten]Tabellen gjev omtrentlege verdiar for forskjellige lydkjelder
Lydkjelde | Lydtrykknivå (dB) | Merknad |
---|---|---|
Tett på jetmotor | 180 | |
Jetmotor i einavstand på 50 m | 150 | |
Tett på kraftig handvåpen | 140 | |
Smerteterskel | 130 | smertefullt; høyrselskadar etter kort tids påverknad |
Småfly | 120 | |
1 m frå trykkluftbor | 100 | høyrsleskadar etter lengre tids påverknad |
Sterk trafikk, symjehall | 80 | |
Normal samtale | 60 | |
Bakgrunnsstøy i kontorlandskap | 50 | |
Kviskring | 30 | |
Bakgrunnstøy i lyddaudt rom | 10 | |
Høyreterskel | 0 |
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]- Howard, D.M. og Angus, J., Acoustics and psychoacoustics, 3. utg., Focal Presss, 1996.