Makrellterne
Makrellterne | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Sterkt truga Utbreiinga av Makrellterne | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes |
Familie: | Måsefamilien Laridae |
Slekt: | Sterna |
Art: | Makrellterne S. hirundo |
Vitskapleg namn | |
Sterna hirundo |
Makrellterne (Sterna hirundo) er ein fugl i måsefamilien som hekkar ved kystar eller ferskvatn i Eurasia og Nord-Amerika og overvintrar ved kystar frå omtrent Krepsen sin vendekrins og søretter.
Utsjånad
[endre | endre wikiteksten]Makrellterna er ei mellomstor terne, 32-39 centimeter i kroppslengde. Overgump, kinn, strupe og litt nedover brystet er kvite, hovudet har ei svart hette og nakke, dei lange kileforma stjertfjørene er mørke, elles er fjørdrakta lys grå, mørkare på oversida enn undersida. I hekkedrakt har ho oransjeraude bein, oransjeraudt nebb med ein mørk spiss. I vinterdrakt blir nebbet og beina mørke og panna får eit kvitt område. Samanlikna med raudnebbterne er ho litt større, har relativt litt lengere nebb og bein, og litt svakare raudtone i nebbet.[1][2]
Utbreiing og føde
[endre | endre wikiteksten]Makrellterna er ein trekkfugl som hekkar i nordlege og frostfrie strøk i Europa, Asia, og sentrale Nord-Amerika mest langs austkysten og Dei store sjøane. Dessutan på øyar i Nord-Atlanteren, men dei har fråvere frå Island. I Eurasia hekkar dei frå Irland i vest til stillehavskysten i aust, nord til Anadyr. Hekkeområdet er nord for Himalaya og sør for nordlege Sibir. Overvintringsområdet er langs kystar og store elver sør for omtrent Krepsen sin vendekrins. Det inkluderer Galapagosøyane, Bahamas, Falklandsøyane og øyane i Søraust-Asia, sørlege Stillehavet og langs australske kystar.[2]
Føda er først og fremst små fisk under 15 centimeter. Ofte kan dei ta krepsdyr, blekksprut og insekt. Men i hekkeområda alltid levande fisk og kan da flyge opptil 20 kilometer for å fange byttet i opent vatn.[2]
- Utbreiing i Noreg
I Noreg finn ein fuglen i koloniar langs heile kysten frå svenskegrensa og Hvaler til Finnmark. Fleire stader hekkar fuglen også ved vatn inne i landet, og då helst i lågareliggande trakter. Hekking inne i landet tiltok i det 20. hundreåret. Makrellterna er vanlegast i dei sørlege delane av landet, og vert gradvis sjeldnare nordover. Dette er motsett av det ein finn hos raudnebbterna. Bestandane i Sør-Noreg, Sverige og Storbritannia har gått ned fram mot artsvurderinga i 2006, og fuglen var derfor rekna som sårbar i Noreg, og frå 2015 oppgradert til sterkt truga (EN).[3]
Hekking
[endre | endre wikiteksten]Fuglen hekkar i små og mellomstore koloniar, men også som enkeltpar. Søraust i landet er det sjeldan fleire enn 20-40 par i ein koloni, vest og nord i landet kan storleiken kome opp mot 100-200 par. Desse koloniane har ofte eit innslag av raudnebbterner. Makrellternene vert forplantingsdyktige 3-4 år gamle. I søraust vert dei flest egga lagde i mai, i vest noko seinare, og i Finnmark vert egga oftast lagde i juni. Hoa legg 2-3 (1-4) egg i ei grop eller i eit enkelt reir bygd av plantedelar, tang, skjelrestar eller småstein. Foreldra rugar i 21-23 døgn. Ungane held seg i reiret i to døgn, og er framleis i nærleiken til dei kan flyge 21-25 døgn gamle. Det er ikkje uvanleg at eit par held saman i fleire år.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide, Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820.
- Arnold, J. M., S. A. Oswald, I. C. T. Nisbet, P. Pyle, og M. A. Patten (2020). Common Tern (Sterna hirundo), version 1.0. I Birds of the World (S. M. Billerman, Editor). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.comter.01
- Aschehoug og Gyldendals LILLE NORSKE leksikon Noreg 2000: Kunnskapsforlaget.
- Norsk Fugleatlas, 1994.
- Fotnotar