Hopp til innhald

Malham

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Malham
landsby
Land  England
Region Yorkshire and the Humber
Fylke North Yorkshire
Distrikt Craven
Folketal 162 (2021)[1]
Kart
Malham
54°03′40″N 2°09′11″W / 54.061°N 2.153°W / 54.061; -2.153
Wikimedia Commons: Malham

Malham er ein landsby og eit sivilt sokn (civil parish) i Craven-distriktet i North Yorkshire i England. Han er nemnd i Domesday Book som «Malgun», eit namn som tyder 'busetnad ved grusstad'.[2] Soknet har rundt 150 innbyggjarar.[3]

Malham ligg i Malhamdale, den øvre delen av elvedalen til Aire, i Yorkshire Dales.[4] Turistattraksjonar i nærleiken er mellom anna Malham Tarn, Malham Cove og Gordale Scar. Staden er eit viktig mål for fotturismar.

Malham Show er ei årleg hending i august som omfattar fesjå, andre utstillingar og oppvisingar knytt til landbruk og lokalt kulturliv og tevlingar som dragkamp og motbakkeløp. Eit anna arrangement er Malham Safari, i mai, der innbyggjarane og landsbyskulen lager utandørsskulpturar som blir sett opp rundtom Malham.

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Parish Profiles». Office for National Statistics. Henta 5. august 2024. 
  2. Internet Surname Database
  3. ONS Statistics, arkivert frå originalen 19. juni 2015, henta 19. juni 2015 
  4. Yorkshire Dales National Park: Malhamdale, arkivert frå originalen 17. mai 2013, henta 19. juni 2015 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Malham