Malta i Junior Eurovision Song Contest
| |||||
---|---|---|---|---|---|
Offisielt | Malta | ||||
|
|||||
Uttakingar | |||||
Nasjonalt | 16 | ||||
Internt | 2 | ||||
Deltaking | |||||
Debutår | 2003 | ||||
Deltakingar | 18 | ||||
Beste resultat | |||||
Finalen | 1 (2013 og 2015) | ||||
Verste resultat | |||||
Finalen | Sist (2005, 2019 og 2022) | ||||
Poeng | |||||
Totalt | 1 542 |
Malta debuterte i Junior Eurovision Song Contest i 2003 i København, Danmark, med songen «Like A Star», framført på engelsk av Sarah Harrison. Landet har delteke elleve gongar; i perioden 2003 til 2010 og frå 2013, etter at Malta i 2011 valde å ta ein pause frå tevlinga. Bidraga vert valde gjennom ei nasjonal finale, arrangerte av den maltesiske kringkastaren Public Broadcasting Services Limited. I 2013 og 2014 vart bidraga valde internt av den maltesiske kringkastaren.
Malta har vunne Junior Eurovision Song Contest to gongar. Fyrste gongen dei vann var i 2013, med songen «The Start», framført på engelsk av Gaia Cauchi. To år seinare, i 2015, vann dei med songen «Not My Soul», framført på engelsk av Destiny Chukunyere. Ho fekk den høgaste poengsummen i historia til tevlinga, med 185 poeng.
Malta har arrangert tevlinga to gongar. Fyrste gongen var i 2014 og vart arrangert i Malta Shipbuilding i Marsa. 16 land deltok det året. I 2016 vart tevlinga arrangert i Mediterranean Conference Centre i Valletta. 17 land deltok det året.
Bidraga i Junior Eurovision Song Contest
[endre | endre wikiteksten]År | Artist | Song | Språk | Poeng | Plass |
---|---|---|---|---|---|
2003 | Sarah Harrison | «Like a Star» | Engelsk | 56 | 7 |
2004 | Young Talent Team | «Power Of a Song» | Engelsk | 14 | 12 |
2005 | Thea & Friends | «Make It Right» | Engelsk | 18 | 16 |
2006 | Sophie Debattista | «Extra Cute» | Engelsk | 48 | 11 |
2007 | Cute | «Music» | Engelsk | 37 | 12 |
2008 | Daniel Testa | «Junior Swing» | Engelsk | 100 | 4 |
2009 | Francesca Sciberras og Mikaela Bajjada | «Double Trouble» | Engelsk | 55 | 8 |
2010 | Nicole Azzopardi | «Knock Knock!....Boom! Boom!» | Engelsk og maltesisk | 35 | 13 |
2013 | Gaia Cauchi | «The Start» | Engelsk | 130 | 1 |
2014 | Federica Falzon | «Diamonds» | Engelsk | 116 | 4 |
2015 | Destiny Chukunyere | «Not My Soul» | Engelsk | 185 | 1 |
2016 | Christina Magrin | «Parachute» | Engelsk | 191 | 6 |
2017 | Gianluca Cilia | «Dawra Tond» | Engelsk og maltesisk | 107 | 9 |
2018 | Ela Mangion | «Marchin' On» | Engelsk | 181 | 5 |
2019 | Eliana Gomez Blanco | «We Are More» | Engelsk og maltesisk | 29 | 19 |
2020 | Chanel Monseigneur | «Chasing Sunsets» | Engelsk | 100 | 8 |
2021 | Ike og Kaya | «My Home» | Engelsk | 97 | 12 |
2022 | Gaia Gambuzza | «Diamonds in the Skies» | Engelsk | 43 | 16 |
Røystehistorikk
[endre | endre wikiteksten]
|
|
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Gaia Cauchi, vinnar av Junior Eurovision Song Contest i 2013
-
Destiny Chukunyere, vinnar av Junior Eurovision Song Contest i 2015
Vertskap
[endre | endre wikiteksten]År | Stad | Arena | Programleiarar |
---|---|---|---|
2014 | Marsa | Malta Shipbuilding | Moira Delia |
2016 | Valletta | Mediterranean Conference Centre | Ben Camille og Valerie Vella |
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Malta in the Junior Eurovision Song Contest» frå Wikipedia på engelsk, den 24. august 2014.