Maria Guida
Utsjånad
Maria Guida | |
Statsborgarskap | Italia |
Fødd | 23. januar 1966 (58 år) Vico Equense |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1996 |
Maria Guida (fødd 23. januar 1966) er ein italiensk tidlegare langdistanseløpar. Ho vann kvinnene sitt maratonløp ved EM i friidrett 2002.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Guida sprang inn til sjetteplass på 10 000 meter i europameisterskapen 1994 og til fjerdeplass i verdsmeisterskapen 1995, i den siste meisterskapen gjorde ho livsbeste 31.27,8. I Roma den 5. juni 1996 presterte ho livsbeste 14.58,8 på 5 000 meter. Ho kvalifiserte seg til OL-finalen på mila i Atlanta, stilte ikkje til start. Sidan gjekk ho over til maratonløping. I 1999 sigra ho i Carpi maraton på tida 2.25.57. Berre 8 sekund saktare gjekk det då ho i 2002 vann gullmedaljen i maraton under EM i friidrett 2002 i München.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Maria Guida» frå Wikipedia på engelsk, den 14. august 2023.